Selfjorden utgjer den inste delen av Skotnesfjorden, ein fjordarm av Bindalsfjorden, i Bindal kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 5 km austover til Sagbotn.

Fjorden har innløp mellom Trettneset i nord og Klubben i sør. På nordsida av fjorden ligg garden Selfjord. Sørsida av fjorden er ulendt og Jøtulfjellet stig opp til 767 meter over havet.

Kategori:Fjordar i Bindal