Gimsafjorden er ein fjord i kommunane Bindal og Sømna i Nordland. Fjorden strekkjer seg 20 km nordaustover frå øya Gimsa til Kvitingan sørvest for Torghatten.
Lenger vest ligg Horsvær, Terjan og Hensteinen og vestanfor desse igjen ligg Norskehavet. I aust grensar fjorden til småøyane Gamflesa, Horuvan og Sørflesin. Aust for desse ligg Melsteinfjorden.
Kategori:Fjordar i Bindal Kategori:Fjordar i Sømna