Slaget ved Salla vart utkjempa mellom finske og sovjetiske troppar nær Salla i Nord-Finland under Vinterkrigen. Dei sovjetiske troppane hadde ordre om å forsere Salla til Kemijärvi og Sodankylä, og derifrå til Rovaniemi på to veker. Deretter skulle dei gå mot Torneå og kløyve Finland i to. Dei finske styrkane greidde å stoppa den sovjetiske framrykkninga aust for Kemijärvi. Under dei siste februardagane 1940 vart dei finske styrkane erstatta av svenska og norske frivillige.

Slagordning Finland Då krigen braut ut, var det berre eit fåtal finske troppar i området. Den 17. bataljonen (Er.P 17) eller "Salla Battalion" vart mobilisert, i hovudsak samansett av eit grensevaktkompani. Dei finska troppane var del av Lapin Ryhmä som vart leia av generalmajor Kurt Martti Wallenius.

Sovjetunionen Sovjetunionen gjekk til åtak med to divisjonar, den 122. og den 88. divisjonen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Slaget vid Salla» frå , den 30. desember 2007.

Kategori:Vinterkrigen Kategori:Sovjetiske slag Kategori:Finske slag Kategori:Hendingar i 1939 Kategori:Hendingar i 1940