mini|Frå gravferda til Berg ved Kodal kyrkje. Lorens Berg () var ein norsk lærar og lokalhistorikar.
Lorens Berg var fødd i Kodal i tidlegare Andebu kommune. Han var gjetargut, gardsgut og sjømann, før han blei lærar i 1881. Han var lærar på Prestbyen i Kodal frå 1891 til 1899.
I 1905 gav Berg ut boka Andebu - en vestfoldbygds historie i 1600-aarene, og innleia med denne eit lokalhistorisk forfattarskap som kom til å bli banebrytande i Noreg, bygd på arkivstudie og ei sikker, metodisk framstillingsform. I løpet av mindre enn 20 år gav han ut bygdebøker om Brunlanes, Hedrum, Tjølling, Sandeherred (Sandar), Tjøme, Nøtterøy og Stokke. Han blei statsstipendiat i 1911.
Lorens Berg døydde i Kristiania 14. september 1924. Han blei gravlagt på Kodal kyrkjegard 19. september 1924, der det er reist eit minnesmerke ved grava. I 1952 blei det avduka ein statue av Lorens Berg laga av Hans Holmen ved Prestbyen i Kodal.
Bakgrunnsstoff Kodal bygdeleksikon biografi vestfoldportalen biografi og bibliografi Andebu - en vestfoldbygds historie i 1600-aarene fulltekst
Kategori:Norske lokalhistorikarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Folk frå Sandefjord