Gibraltarsundet (arabisk مضيق جبل طارق, spansk Estrecho de Gibraltar) er eit smalt sund mellom Atlanterhavet og Middelhavet som skil Spania frå Marokko. Namnet kjem frå Gibraltar, som igjen har fått namn frå det arabiske Jebel Tariq (som tyder «Tariqs fjell»). Det arabiske namnet på sundet er derimot Bab el-Zakat eller «Velgjerdsporten». I marinen vert det stundom kalla STROG (Strait Of Gibraltar)Sjå til dømes Nato Medals: Medal for Active Endeavor, awarded for activity in the international water of the Mediterranean og STROG. og i antikken var det kjend som «Herkulessøylene».Strabius Geographia 3.5.5.
På det smalaste er det berre 14,24 km (7,7 nautiske mil) mellom Europa og Afrika. Djupna i sundet varierer mellom 300 og 900 meter.Sjå Robinson, Allan Richard og Paola Malanotte-Rizzoli, Ocean Processes in Climate Dynamics: Global and Mediterranean Examples. Springer, 1994, s. 307, ISBN 0-7923-2624-5. Ferjene kryssar sundet i dag på så lite som 35 minutt. Den spanske sida av sundet er verna som ein del av El Estrecho naturpark.
mini|Historisk kart over Gibraltarsundet av Piri Reis
Plassering mini|Europa (til venstre i horisonten) og Afrika (til høgre) frå Gibraltar På nordsida av sundet ligg Spania og Gibraltar (ein britisk eksklave på Den iberiske halvøya), og på sørsida Marokko og Ceuta (ein spansk eksklave i Nord-Afrika). Grensene vart i antikken kalla Herkulessøylene. Det ligg fleire småøyar i sundet, som den omstridde Isla Perejil som både Marokko og Spania gjer krav på.Tremlett, Giles, "Moroccans seize Parsley Island and leave a bitter taste in Spanish mouths," i The Guardian, 13. juli 2002.
På grunn av plasseringa vert sundet mykje nytta til smugling og ulovleg innvandring mellom Afrika og Europa. Hasj frå Marokko er den vanlegaste smuglarvara, men menneskesmugling og tyngre narkotika som heroin er blitt stadig vanlegare. Det blir også smugla varer motsett veg, som matvarer, kosmetikk, dekk og bensin.Jørgen Carling, The Merits and Limitations of Spain's High-Tech Border Control (June 2007), migrationinformation.org; Phil Davison, «Fears grow over Gibraltar's drug-runners» (14 DECEMBER 1994), The Independent, independent.co.uk; Pierre-Arnaud Chouvy, MOROCCO’S SMUGGLING RACKETS: HASHISH, PEOPLE AND CONTRABAND, Jane’s Intelligence Review, December 2005, Vol. 17 n° 12, pp. 40-43.
Geologi For rundt 5,9 millionar år sidanDen messiniske saliniteskrisa vart opninga mellom Middelhavet og Atlanterhavet lukka. Dette førte til at saliniteten i Middelhavet periodevis fall ved at saltet la seg ned i havbotnen i det som er vorte kalla den messiniske saliniteskrisa. Dei store salt- og mineralførekomstane rundt Middelhavet kjem frå denne perioden. Geologisk sett tok ikkje denne prosessen lang tid, berre om lag 5-600 000 år. I løpet av berre nokre få tusen år fordampa det meste av vatnet i Middelhavet. For om lag 5,33 millionar år sidan, i overgangen mellom miocen og pliocen, vart det på ny danna ei opning mellom Middelhavet og Atlanterhavet, og opninga har eksistert sidan den gong.Cloud, P., Oasis in space. Earth history from the beginning, New York: W.W. Norton & Co. Inc., s. 440. ISBN 0-393-01952-7 Sidan den afrikanske plata pressar på nordover, meiner ein at sundet igjen vil lukke seg i geologisk sett nær framtid, som vil seie nokre hundre tusen år fram i tid.
Samband mini Sundet er ei viktig trafikkåre for skipsfart mellom Middelhavet og Atlanterhavet. Ferjer kryssar sundet mellom Spania og Marokko, mellom Spania og Ceuta og mellom Gibraltar og Tangier.
Tunnel over sundet I desember 2003 vart Spania og Marokko einige om å utforske høve til å byggje ein undersjøisk jernbanetunnel under sundet.Europe-Africa rail tunnel agreed, BBC.co.uk Ideen hadde allereie vore lufta i fleire tiår, og ein har teke ei rekkje geologiske prøvar.http://www.washingtonpost.com/wp-dyn/content/article/2007/01/27/AR2007012701334.html A 'Chunnel' for Spain and Morocco], washingtonpost.com I 2012 hadde den marokkanske transportministeren eit møte om planane med den spanske ambassadøren, utan at det blei lagt fram konkrete planar.M. Aziz Rabbah reçoit l’Ambassadeur du Royaume (17/02/2012) ; Tunnel to Connect Morocco with Europe , bluedoorhotel.com.
Inn- og utstrøyming mini|Indre bølgjer (markert med piler) skapt av Gibraltarsundet I netto strøymer det meir vatn inn i Gibraltarsundet enn ut av det på grunn av at fordampinga i Middelhavet er større enn den tilførte vassmengda som kjem via elvane. Terskelen i Gibraltarsundet medverkar til å hindre blanding av det kalde, mindre salte atlanterhavsvatnet og det varme, salte middelhavsvatnet. Sistnemnde er så mykje saltare, og derfor tyngre, at det søkk under atlanterhavsvatnet og dannar eit særs salt (termohalin, både varmt og salt) botnvatn. Eit grenselag i tettleiken mellom dei to laga ligg på ei djupne på kring 100 meter. Dette laget renn utover og nedover kontinentalsokkelen og vert gradvis mindre salt før det når eit likevektspunkt i ei djupne på om lag 1000 meter. Utstrøyminga frå Middelhavet kan sporast fleire tusen kilometer ut i Atlanterhavet før det salte vatnet er så blanda med resten av atlanterhavsvatnet at det ikkje kan kjennast att lenger.
Det er vanleg at det oppstår indre bølgjer (bølgjer i grenselaget) i sundet. Vasstraumen vert hindra i begge retningar fordi det må over ein terskel i sundet med grunnare vatn. Når store tidvasstraumar går inn i sundet, vert det skapt indre bølgjer over terskelen. Bølgjene kan stundom få eit vertikalt utslag på 100 meter når dei flyttar seg austover. Sjølv om bølgjene oppstår på stor djupne og ikkje gjev seg utslag i bølgjer på overflata, er dei likevel synlege når sola glinsar i havoverflata, fordi den biologiske filmen på havoverflata vert konsentrert slik at bølgjene vert synlege. Bølgjene forplantar seg austover og kan sporast så langt som 100 km bort frå sundet.Wesson, J.C. og M.C. Gregg, "Mixing at Camarinal Sill in the Strait of Gibraltar," i Journal of Geophysical Research, Vol. 99, No. C5, 1994, s.9847–9878.
Sjå òg Gibraltar Herkulessøylene Marokko Spania Tangier Poniente
Bakgrunnsstoff
Klimakontroll krev ei demning ved Gibraltarsundet — American Geophysical Union, 1997. Vitja 27. september 2009 Prosjekt for fast samband mellom Europa og Afrika via Gibraltarsundet — United Nations Economic and Social Council, 2001. Vitja 27. september 2009 Kart over Marokko — Multimap.com, 2006.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Strait of Gibraltar» frå , den 27. september 2009.
Kategori:Sund i Afrika Kategori:Sund i Europa Kategori:Gibraltar Kategori:Marokkansk geografi Kategori:Spansk geografi Kategori:Sund i Middelhavet Kategori:Internasjonale sund Kategori:Utvalde artiklar 2013