mini|Illuminasjon til eit antifonarium (katolsk liturgibok) frå 1406.

mini|Bygginga av Den forbodne byen i Beijing tok til i 1406. 1406 (romartal MCDVI) var eit år i det første tiåret av 1400-talet etter den julianske kalenderen.

Hendingar Utlandet 4. april: James I blei konge av Skottland etter å ha blitt teken til fange av Henrik IV av England. 7. november: Deva Raya I blei keisar av Vijayanagarriket i India. 19. november: Hæren til Ming-dynastiet invaderte Dai-Viêt i dagens Vietnam. 30. november: Pave Gregor XII blei innsett etter pave Innocens VII. 25. desember: Johan II blei konge av Castilla etter far sin. Bygginga av den forbodne byen i Beijing tok til. Bystaten Firenze erobra Pisa. Erik VII av Pommern blei gift med prinsesse Philippa, dotter av Henrik IV av England.

Fødde

Fra Lippo Lippi (omtrentleg dato), italiensk kunstnar Ulrich III av Celje Døde

19. mars: Ibn Khaldun, tunisisk historikar og statsmann 4. april: Kong Robert III av Skottland 4. mai: Coluccio Salutati, kanslar av Firenze 15. juli: Hertug Wilhelm av Austerrike 1. november: Hertuginne Johanna av Brabant 6. november: Pave Innocens VII 25. desember: Kong Henrik III av Castilla Tokhtamisj, khan av den gylne horden

Bakgrunnsstoff