Provinsen Cuneo (italiensk Provincia di Cuneo) er ein provins i regionen Piemonte i Italia. I vest grensar provinsen til Frankrike og departementa Alpes-Maritimes, Alpes-de-Haute-Provence og Hautes-Alpes i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur. I nord grensar han til provinsen Torino, i aust til provinsen Asti, i sør til provinsen Savona og provinsen Imperia i Liguria.

Han vart òg kalla Provincia Granda, den store provinsen, fordi han er den tredje største provinsen i landet (etter Bolzano og Foggia). Dette skapte tidlegare problem for innbyggjarane i Alba som måtte reise langt til Cuneo kvar gong dei hadde æren med provinsstyret. Fleire gonger har det vorte gjort framlegg om å dele provinsen i to.

Hovudstaden er byen Cuneo. Han har eit areal på 6 903 km² og totalt 580 789 innbyggjarar i 2021. Det er 250 kommunar i provinsen og dei største av desse er:

KommuneFolketal Cuneo54 853 Alba30 181 Bra28 890 Fossano24 224 Mondovì22 092 Savigliano20 510 Saluzzo16 244 Borgo San Dalmazzo11 761 Racconigi9 838 Busca9 687 Boves9 536 Cherasco7 633 Barge7 584 Dronero7 127

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Province of Cuneo» frå , den 14. desember 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Piemonte