mini|Sovjetisk postkort for fjernsjakkspel.
Fjernsjakk er sjakk som blir spela over avstand med ulike former for kommunikasjon.
Dette har tradisjonelt skjedd som postsjakk, med brev eller postkort. Dei siste åra har fjernsjakk i stor grad i staden blitt spela ved å bruke ei fjernsjakk-datamaskin til å kommunisere trekka, og til ei viss grad også ved ebrev.
Fjernsjakk har elles blitt spela ved bruk av dei fleste former for kommunikasjon, frå telegraf på 1800-talet, til seinare telefon, teleks og telefaks. Brevduer skal også ha blitt brukt.
Fjernsjakk står i motsetnad til nærsjakk, der spelarane sit ved eit sjakkbrett samtidig. Det blir også rekna som nærsjakk viss spelarane ikkje sit på same stad, men der trekka blir overført fortløpande, slik at partiet blir avvikla innanfor vanlege rammer for tenketid for nærsjakk.
Særtrekk ved fjernsjakk
Det karakteristiske ved fjernsjakk er såleis både den geografiske avstanden mellom spelarane, og at det blir spela med mykje lenger tenketid enn nærsjakk. Tenketida kan variere etter kva som blir avtalt mellom spelarane, eller bestemt for den einskilde turneringa, men har tradisjonelt vore f eks 30 dagar på 10 trekk. Eit fjernsjakk-parti kan såleis vare frå nokre dagar, når det blir spela via ei datamaskin på nettet, eller via ebrev. Og det kan ta opptil fleire år når det blir spela via post mellom spelarar i ulike land.
Fjernsjakk er ulik nærsjakk på fleire måtar. I nærsjakk blir det vanlegvis spela berre ein mot ein, når ein ser bort frå simultan-oppvisningar. I fjernsjakk har spelarane oftast mange parti i gang samtidig, og deltar gjerne i fleire turneringar samtidig også. Somme fjernsjakk-spelarar kan ha meir enn hundre sjakkparti i gang samtidig.
Tenketida i fjernsjakk er vanlegvis mellom 30 og 60 dagar for 10 trekk, med tillegg for tid for postgangen i postsjakk. Dette gjer det mogleg for spelarane å arbeide grundigare med partia, noko som gjer at spelarane sjeldnare gjer grove feil. I fjernsjakk har spelarane no vanlegvis høve til å bruke hjelpemiddel som sjakkbøker, databaser og sjakkprogram. Men det blir også arrangert turneringar der spelarane forpliktar seg til ikkje å bruke hjelpemiddel, typisk så som sjakkprogram.
Hjelp frå datamaskiner
Dei siste åra har det kome manga og sterke sjakkprogram, noko som har endra den tradisjonelle fjernsjakken. No trengst det ikkje berre kunnskapar om sjakk, og evne til å analysere sjakk, men det krevst i tillegg ei evne til å kunne bruke sjakkprogram og dei analysane som programma leverer. Då alle spelarar no har tilgang til dei sterkaste sjakkprogramma, så vil også spelarar med begrensa eigen spelestyrke bli i stand til å levere jamnt svært gode trekk. Dette gjer at det no er mindre avstand i resultata enn tidlegare mellom nybegynnar og meisterspelar i fjernsjakk.
Problemet blir då: Er ein menneskeleg meisterspelar pluss maskin noko særleg betre enn ein nybegynnar som berre leverer dei trekka som maskina foreslår? Til no synest dei sterkaste spelarane å ha eit overtak uansett, men sjakkprogramma blir betre for kvart år.
Organisert fjernsjakk
Fjernsjakk-turneringar blir arrangert av ulike organisajonar, både nasjonale og internasjonale. Den viktigaste er International Correspondence Chess Federation (ICCF). ICCF samarbeider med verdssjakkforbundet FIDE.
ICCF tildelar titlane Internasjonal meister i fjernsjakk (IM), Senior Internasjonal Meister i fjernsjakk (SIM) og Stormeister i fjernsjakk. Desse titlane tilsvarar dei titlane som Verdssjakkforbundet FIDE delar ut for nærsjakk.
ICCF arrangerer også VM i fjernsjakk. Fordi desse turneringane går over lang tid, kan dei overlappe kvarandre: I februar 2005 var Joop van Oosterom erklært som vinnar av det 18. VM i fjernsjakk, som starta i juni 2003. Medan ein måtte vente til januar 2006 før det var klart at nordmannen Ivar Bern hadde vunne det 17. VM i fjernsjakk, som starta i mars 2002.
I Noreg blir fjernsjakk organisert av Norges Fjernsjakkforbund (NFSF). Det blei grunnlagt 1. september 1945 som Norges Postsjakkforbund (NPSF), og fikk det noverande namnet sitt i 2006.
Fleire nordmenn har oppnådd suksess i sjakkforma. I tillegg til Ivar Bern kan ein nemna europameistrane Frank Hovde (1990) og Arne Vinje (1998). Laget som blei danna av Ivar Bern, Raymond Boger, Arild Haugen, Petter Stigar, Morten Lilleoren, Tor-Arne Klausen vann gullmedaljen i ICCF-OL i 2009. Anders Elgesem var ICCF-president frå 1955 til 1959.
Ulike former for fjernsjakk
I praksis er det no hovudsakleg tre former for fjernsjakk, der nett-basert fjernsjakk mot ei datamaskin etter kvart synest å ta meir og meir over.
Fjernsjakk via datamaskiner på nettet Fjernsjakk-datamaskiner på nettet tar imot trekka frå spelarane, antan etter pålogging, eller for så vidt på kva vis om helst. Datamaskina lagrar trekka og partia i ei database, og motstandaren kan hente ut det nye trekket, og deretter legge inn sitt svar.
Ebrev-basert fjernsjakk Dette synest å vere på veg ut - mellom anna pga. problem med spam og virus.
Postsjakk Det er framleis høve til å spele tradisjonell postsjakk, og det blir framleis arrangert turneringar der spelarane sender trekka per post.
Nærsjakk-spelarar som har spelt fjernsjakk I våre dagar er dei fleste sterke fjernsjakk-spelarane spesialistar i denne greina av sjakkspeling. Men særleg i tidlegare tider var det mange sterke nærsjakk-spelarar som også spelte postsjakk.
Olga Rubtsova vann både det vanlege nærsjakk-VM for kvinner, og postsjakk-VM. 3 postsjakk-verdsmeistrar var stormeister i nærsjakk: Jakov Estrin, Alberic O'Kelly de Galway og Viacheslav Ragozin. Tre postsjakk-verdsmeistrar var Internasjonale Meistrar i nærsjakk: C.J.S. Purdy, Mikhail Umansky og Ivar Bern. Spelarar som har mottatt stormeister-tittelen i begge disiplinar er spelarar som Ulf Andersson, Igor Bondarevsky, Aivars Gipslis, Curt Hansen, Jonny Hector, Jānis Klovāns, Olita Rause(WGM), Lothar Schmid og Duncan Suttles. Fjernsjakk-stormeistrane Janos Balogh, Olaf Barda, Jean Hebert, Jonathan Penrose og Richard Polaczek var også Internasjonale Meistrar i nærsjakk, og nærsjakk-stormeister Alexander Tolush var fjernsjakk-IM. Paul Keres, Estland, ein av dei aller sterkaste nærsjakk-spelarene gjennom tidene, spelte mange postsjakk-parti då han var ung. Verdsmeistrane i nærsjakk Alexander Alekhine og Max Euwe er også kjende for å ha spelt ein del postsjakk-parti. Ulf Andersson var rangert mellom dei første 100 på verdssjakkforbundet si ratingliste for juni 2002, samtidig som han var rangert som nr 2 på ICCF si ratingliste.
Verdsmeistrar i fjernsjakk (ICCF)
Årstala under er tida dei ulike VM-finalane vart spela.
Menn
# År Vinnar Nasjonalitet 01. 1950-1953 Cecil John Seddon Purdy Australia 02. 1956-1959 Vjatsjeslav Ragozin Sovjetunionen 03. 1959-1962 Albéric O'Kelly de Galway Belgia 04. 1962-1965 Vladimir Zagorovskij Sovjetunionen 05. 1965-1968 Hans Berliner USA 06. 1968-1971 Horst Rittner Aust Tyskland 07. 1972-1976 Jakov Estrin Sovjetunionen 08. 1975-1980 Jørn Sloth Danmark 09. 1977-1983 Tõnu Õim Sovjetunionen 10. 1978-1984 Victor Palciauskas USA 11. 1983-1989 Friedrich Baumbach Aust Tyskland 12. 1984-1991 Grigorij Sanakojev Russland 13. 1989-1998 Mikhail Umanskij Russland 14. 1994-2000 Tõnu Õim Estland 15. 1996-2002 Gert Jan Timmerman Nederland 16. 1999-2004 Tunç Hamarat Austerrike 17. 2002-2007 Ivar Bern Noreg 18. 2003-2005 Joop van Oosterom Nederland 19. 2004-2007 Christophe Léotard Frankrike 20. 2004-2011 Pertti Lehikoinen Finland 21. 2005-2007 Joop van Oosterom Nederland 22. 2007-2010 Aleksandr Dronov Russland 23. 2007-2010 Ulrich Stephan Tyskland 24. 2009-2011 Marjan Semri Slovenia 25. 2009-2013 Fabio Finocchiaro Italia 26. 2010-2014 Ron Langeveld Nederland 27. 2011-2014 Aleksandr Dronov Russland 28. 2013-2016 Leonardo Ljubicic Kroatia 29. 2015-2018 Aleksandr Dronov Russland 30. 2017-2019 Andrej Kotsjemasov Russland 31. 2019-2022 Fabian Stanach Christian Muck Ron Langeveld Polen Austerrike Nederland 32. 2020-2022 Jon Edwards USA
Kvinner # År Meister Nasjonalitet 1 1968-1972 Olga Rubtsova Sovjetunionen 2 1972-1977 Lora Jakovleva Sovjetunionen 3 1978-1984 Ljuba Kristol Israel 4 1984-1992 Ljudmila Belavenets Sovjetunionen 5 1993-1998 Ljuba Kristol Israel 6 2000-2005 Alessandra Riegler Italia 7 2002-2006 Olga Sukhareva Russland 8 2007-2010 Olga Sukhareva Russland 9 2011-2014 Irina Perevjortkina Russland 10 2014-2017 Irina Perevjortkina Russland 11 2017-2020 Irina Perevjortkina Russland 12 2020-2023 Irina Perevjortkina Russland
Verdscupen ICCF # År Vinnar Nasjonalitet 01. 1973-1977 Karl Maeder Aust Tyskland 02. 1977-1983 Gennadij Nesis Sovjetunionen 03. 1981-1986 Nikolaj Rabinovitsj Sovjetunionen 04. 1984-1989 Albert Popov Sovjetunionen 5-A 1987-1994 Oleksandr Frolov Ukraina 5-B 1987-1994 Gert Timmerman Nederland 06. 1994-1999 Olita Rause Latvia 07. 1994-2001 Oleksij Lepikhov Ukraina 08. 1998-2002 Horst Staudler Tyskland 09. 1998-2001 Edgar Prang Tyskland 10. 2001-2004 Frank Schroder Tyskland 11. 2008-2011 Reinhard Moll Tyskland 12-E 2005-2007 Reinhard Moll Tyskland 12-P 2009-2013 Matthias Gleichmann Tyskland 13. 2009-2012 Reinhard Moll Tyskland 14. 2009-2012 Reinhard Moll Tyskland 15. 2012-2015 Klemen Sivic Slovenia 16. 2013-2016 Uwe Nogga Tyskland 17. 2014-2017 Matthias Gleichmann Tyskland 18. 2015-2019 Stefan Ulbig Reinhard Moll Tyskland Tyskland 19. 2014-2016 Thomas Herfuth Tyskland 20. 2017-2020 Sergej Kisjkin Russland 21. 2019-2021 Matthias Gleichmann Tyskland 22. 2021-2023 Dmitrij Morozov Matthias Gleichmann Russland Tyskland
Veteranverdscupen ICCF # År Vinnar Nasjonalitet 01. 2009-2011 Rob Kruis Nederland 02. 2013-2014 Vladimir Sergejev Russland 03. 2014-2016 Frits Bleker Hellas 04. 2015-2017 Reinhard Sikorsky Tyskland 05. 2016-2017 Ralf Neubauer Tyskland 06. 2017-2019 Mattia Boccia Italia 07. 2018-2020 Sergey Novikov Russland 08. 2019-2021 Guy van Habberney Belgia 09. 2020-2022 Jean Claude Schuller Luxembourg 10. 2021-2023 Gediminas Voveris Litauen
Noregsmeistrar Olaf Barda, 1947 Sverre Lillelien, 1948 Olaf Barda, 1950 Erik Madsen, 1952 Einar Tinnesand, 1953 Per Lindblom, 1954 Kare Ormhang, 1955 Henry Pettersen, 1956 Daan de Lande, 1957 Edvard Sterud, 1958 Sverre Aarseth, 1959 Edvard Sterud, 1960 Daan de Lange, 1961 Jan Svenneby, 1962 Edvard Sterud, 1963 Per Lindbolm, 1964 Henry Pettersen, 1965 Trygve Plukkerud, 1966 Jan Svenneby, 1967 Daan de Lange, 1968 Einar Hatlebakk, 1969 Edvard Sterud, 1970 Edvard Sterud, 1971 Odd Lie, 1972 Nils Larsen, 1973 Leif Øgaard, 1974 Karl Michelsen Jr., 1975 Henry Pettersen, 1976 Øystein Sande, 1977 Terje Wibe, 1978 Dag Orseth, 1979 Terje Wibe, 1980 Terje Wibe, 1981 Erling Iversland, 1982 Terje Wibe, 1983 Einar Hatlebakk, 1984 Odd Lie, 1985 Øystein Sande, 1986 Tore Resøy, 1987 Ivar Bern, 1988 Petter Stigar, 1989 Terje Wibe, 1990 Jan Svenneby, 1991 Janos Szalai, 1992 Rune Gåsemyr, 1993 Terje Wibe. 1994 Sven Wisløff Nilsen, 1995 Bjørn Minge, 1996 Øystein Lorentzen, 1997 Rune Bergquist, 1998 Edvard Sterud, 1999 Jens Otto Jensen, 2000 Rune Bergquist, 2001 Øystein Lorentzen, 2002 Svein Olsen, 2003 Øystein Lorentzen, 2004 Tor-Arne Klausen, 2005 57.Norgesmestre Øystein Lorentzen, 2006 58.Norgesmestre Morten Lilleoren, 2007 59.Norgesmestre Arne Trana, 2008 60.Norgesmestre Cato bekkesletten, 2009 61.Norgesmestre Rune Andersen, 2010 62.Norgesmestre Arild Haugen, 2011 63.Norgesmestre Arild Haugen & Trond Glørstad, 2012 64.Norgesmestre Terje Hagen, 2013 65.Norgesmestre Reidar Gramstad, 2014 66.Norgesmestre Arild Haugen, 2015 67.Norgesmestre Anders Sten Johansen, 2016 68.Norgesmestre Anders Høyer Berg & Ove Hegelund, 2017 69.Norgesmestre Arild Haugen, 2018 70.Norgesmestre Finn Wister, 2019 71.Norgesmestre reidar Gramstad, 2020 72.Norgesmestre Arild Haugen, 2021 73.Norgesmestre James Steedman, 2022 74.Norgesmestre Anders Sten Johansen, 2023 75.Norgesmestre
Kjelder
Kategori:Sjakk Kategori:Spel