Owenabue, òg skrive «Owenboy», er ei elv i Republikken Irland. Ho har utspring like nord for Crossbarry og renn austover i om lag 32 km. Ho renn gjennom Crossbarry og den litle landsbyen Halfway. Ho når så Ballinhassig der ho breier seg ut ved Ballygarvan. Ho svingar seg så gjennom Ballea Woods til Carrigaline der ho munnar ut i sjøen. Området elva renn gjennom vert kalla Owenabuedalen. Av dyreliv i elva finn ein mellom anna oter og hegre, som har vorte eit symbol for området. 10 bruer kryssar elva.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «River Owenabue» frå , den 23. oktober 2007.
Kategori:Elvar i County Cork