mini|høgre|Folke Bernadotte snakkar med australske krigsfangar i Tyskland i 1943
Folke Bernadotte af Wisborg () var ein svensk greve, ein av leiarane av den svenske Raudekrossen og diplomat.
Dei kvite bussane
I Noreg er han mest kjend for arbeidet med organiseringa av Dei kvite bussane, som førte til at mange norske og danske fangar i nazi-tyske konsentrasjonsleirar vart frigitt.
Palestina
Han vart utnemnd til FN sin hovudmeklar i Palestina i 1948, blant anna klarte han å få til ein våpenkvile mellom Israel og dei arabiske landa. Under oppdrag i Jerusalem vart han 17. september 1948 myrda av ei jødisk terroristgruppe, Lehi («Stern-gjengen»).
Det var tre leiande menn i denne gruppa som hadde godkjent mordet: Den seinare statsministeren i Israel Yitzhak Shamir, Natan Yellin-Mor, og Yisrael Eldad, og det vart planlagt av operativ leiar for Lehi i Jerusalem, Yehoshua Zetler. Zetler døydde i Israel i 2009, 92 år gamal.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Folke Bernadotte» frå , og «Folke Bernadotte» frå den 21. mai 2009.
Kategori:Svenske diplomatar Kategori:Fyrstehuset Bernadotte Kategori:Israel Kategori:Terrorisme Kategori:Æresdoktorar ved Københavns Universitet Kategori:Æresdoktorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Folk frå Stockholm Kategori:Svenske velgjerarar