Draumkvedet (òg skrive Draumkvædet) er den mest kjende folkevisa (mellomalderballaden) i Noreg. Det er eit visjonsdikt i balladestil, og handlar om ein mann som fell i så djup svevn at han får sjå inn i dødsriket.Lenkjer til alle oppskriftene av Draumkvedet
mini|Eidsborg stavkyrkje. Kjerneområdet for tradisjonen ligg i bygdene rundt denne mellomalderkyrkja.
Nedteikningar Draumkvedet vart «oppdaga» av tradisjonssamlarar i øvre Telemark i 1840-åra. Før dette finst det ingen kjende kjelder som fortel noko om soga til denne balladen. Kjerneområdet for tradisjonen er Kviteseid og Tokke (Lårdal og Mo). Nedteikningane av Draumkvedet er, langt på veg, sprikjande og fragmentariske. Den best kjende teksta i vår tid er ein rekonstruksjon/restitusjon på 52 strofer, laga av Moltke Moe i 1890-åra. Denne har tydd mykje for den ålmenne oppfatninga av Draumkvedet. Den har også inspirert diktarar, biletkunstnarar og musikarar som anten har tatt utgangspunkt i denne restitusjonen, eller i M.B. Landstads restitusjon i Norske Folkeviser, 1853, eller båe delar. Landstad let og prente (som B-tekst) ei originalnedteikning han sjølv hadde gjort. Denne er etter Maren Ramskeid frå Kviteseid og er på 30 strofer, dvs. normal lengd for ein norsk ballade. Landstad nytta Ramskeid-varianten som førebilete då han gjorde sin restitusjon.Oppskrift 1840- åra av M.B.Landstad etter Maren Ramskeid, Kviteseid, Telemark
Professor Svale Solheim ved Universitetet i Oslo sende ut viktige signal då han heldt ei rekkje med førelesingar over Draumkvedet midt på 1900-talet. Han fastslo som prinsipp at forsking på Draumkvedet i framtida primært måtte byggje på originaloppskrifter, ikkje på meir eller mindre frie restitusjonar. Dette synspunktet har fått store konsekvensar for moderne Draumkvede-forsking. Solheim heldt Ramskeid-varianten for å vera den beste originaloppskrifta. Den har god samanheng mellom strofene og ein komposisjon som byggjer seg opp mot eit avsluttande klimaks. Nærlesingar av denne varianten er gjorde av Ådel Gjøstein Blom og andre. Olav Bø skriv: «om vi ikkje hadde andre oppskrifter enn den Landstad gjorde etter Maren Ramskeid, og ingen andre opplysningar enn dei ho kunne gje, ville vi likevel hatt eit godt utgangspunkt for ein diskusjon om problema kring eit norsk visjonskvede i balladestil.»Olav Bø 1995 i Telemark historie nr 16, s. 31.
Den varianten som er rekna som den beste etter Ramskeid-varianten, skriv seg frå Anne Lillegård frå Eidsborg, tidlegare i Lårdal. Hennar versjon er nedteikna på 1840-talet både av Olav Grasberg og av Jørgen Moe. Nedteikningane tek til på den særmerkte måten som alle restitusjonar har: «Vi du meg lye e kvea kan», altså den sokalla ministrelstrofa der songaren (diktaren?) presenterer seg i første person. Men Lillegård-varianten vantar den monumentale domsscena som avsluttar Ramskeidversjonen.
Olav, hovudpersonen mini|Gjallarbrua. Illustrasjon av Gerhard Munthe. Det namnet på visjonæren som går att i nedskriftene, er Olaf/Olav. Men så kan det skifte mellom Olaf Åknesonen (Ramskeid), Olaf Håkinson (Lillegård), Olav Åknesi (i Anne Skålens nokså urydduge variant). Olav Åsteson er det lite dekning for i nedskriftene, men namnet finst i Nils Sveinungssons materiale. Dette inneheld ei mengd strofer frå informantar som ein ikkje kjenner namnet på. Når nettopp Olav Åsteson har slått igjennom i dei store restitusjonane og i det ålmenne medvitet, har det to grunnar. Den eine er at visjonæren er blitt assosiert med Olav den heilage, som mellom anna hjå Snorre er utstyrt med visjonære evner.Snorre gjev att mellom anna heilag-Olavs syn (visjon) av Noreg, som biskopen uttala var «heilagt og ovleg merkeleg». Sjå til dømes Mæhle 2009 Diktarar på leiting, s. 9. Mor hans heitte Åsta. Men berre born fødde utanfor ekteskap blei oppkalla etter mora. Kongen heitte Olav Haraldson. Den andre grunnen er at namnet er blitt sett i samband med det norrøne åst (f), eit ord for kjærleik. Ein tenkte seg at visjonæren var ein person som naut særskild gunst, og soleis hadde fått evne til å sjå det som normalt er gøymt.
Innhald Balladen fortel at visjonæren, Olav, har gjort ei ferd i den andre heimen med han låg i ein tung svevn frå julekvelden til trettandedagen (6. januar), også kalla den gamle julaftan, epifanie-dagen (openberringsdagen), dagen til dei tre heilage kongane. Olav rid då til kyrkje, set seg i eller står i kyrkjedøra, eller han tek plass i svala. Så fortel han kva han har opplevd i draume. Dei ulike oppskriftene gir litt ulike opplysningar. Han fortel at har gått over Gjallarbrua som skil vår verd frå dødsriket, at han har sliti seg gjennom tornekratt, over blautmyrar, sett mot helvete og fått ein gløtt av himmerike. På vegen har jomfru Maria Gu'mor (Guds mor?) gitt han bod om å dra til «Brokksvalin», for der skal «domen stande». Han har vore vitne til det dramatiske møtet mellom Jesus og erkeengelen Mikael utstyrt med lur (domsbasun) og vekt (rettferdssymbol) på den eine sida og «Grutte gråskjeggje», det vil seie djevelen, på den hi. Det store spørsmålet er: kven skal syndesjelene til slutt hamne hjå? Slik konkluderer Ramskeid-varianten:
mini|350px|- fyri rei Grutte gråskjeggji, teikna av Gerhard Munthe i 1904.
Der kom færi norate dæ tottes æg væra værst fyry rei Grutte Graaskjæggje han rei paa svartan Hest. - I Broksvalin etc.-
Saa kom den færi sonnate dæ tottes mæg væra bedst fyry rei Sancte saale- Michael aa næste Jesum Christ. - I Broksvalin der sko Domen stande -
Saa kom den færi sonnate ho tosse me væra traa aa fyry rei St. saale Michael aa Luren onde Armen laag. - I Broksvalin ...-
Dæ va St. saale Michael han blæs i Luren den lange aa no sko alle Synde-Sjæline fram fe Domen stande.
Men daa skolv alle Synde Sjæline som Aaspelauv for Vinde aa kvor den, kvor den Sjæl der va dei gret for Syndine sine. - I Broksvalin ...-
Og det var St.saale Mikkjel han vog med Skaalevigt saa vog han alle Syndesjælene hen til Jesum Krist.
«Draumkvedet bygger seg kraftig opp mot domsscenen, som i sterkt sammentrengt form utgjør klimaks, vendepunkt og løsning.»Dagne Groven Myhren i ein analyse av Ramskeid-varianten i Telemark historie 16, s. 40. Det er tydeleg skyldskap mellom Draumkvedet og annan visjonsdikting frå mellomalderen, som til dømes Dantes Den guddommelege komedien.
Tonar Melodiane som er nedteikna til Draumkvedet, svarar stort sett til tonar som også er i bruk til gamlestev. Den firelina folkevisestrofa i Draumkvedet har same metrum som gamlestevet. Men ulikt gamlestevet har Draumkvede, og difor også tonane, omkved, slik det er vanleg i balladar. Kvar overlevert Draumkvedemelodi har eit omkved i stil med hovudmelodien og prega av forma på omkvedet.
I vår tid er det praksis at Draumkvedet blir framført med ulike tonar til dei ulike bolkane i visa. Ein grunn til denne praksisen er at nedteikningane syner at tradisjonsberarane har nytta fleire omkved. Maren Ramskeid er eit godt døme på dette. Hennar variant har desse omkveda: -Å dæ va Olaf Åknesonen som sovi hæve så længje-, -For månen skjine og vægjine fadde så vie -, og -I Broksvalin dær sko domen stande -.
Korleis Maren Ramskeid song, veit vi ikkje. Men ho har nok variert tonen, ikkje berre omkveda. At ei og same vise vert sungen til fleire meir eller mindre nærskylde tonar, finst det døme på i munnleg tradisjon. «Kråkevisa» som er innsungen i NRK av gudbrandsdølen Kristian P. Åsmundstad, skifter på med fleire tonar.Jf. «Draumkvedet i kveding og kunstmusikk» i Draumkvedet : Telemark historie nr. 16, s. 115-122.
Mange yngre kvedarar har Draumkvedet på repertoaret i dag. Somme utøvarar nyttar opp til fem meir eller mindre ulike, nedervde tonar under ei framføring. Den mest kjende melodien er nedteikna av Ludvig Mathias Lindeman etter Ivar Aasen. Aasen hadde lært han av Olav Glosimot i Seljord då han fór i Telemark og skreiv opp målføre i 1845.
Samlarar og nedteikningar Nils Sveinungsson, klokkar i Vinje, var den første som skreiv ned Draumkvedstrofer. I 1842 sende han ei oppskrift på 61 strofer til Olea Crøger. Dette var brotstykke og einskildstrofer han hadde samla i fleire bygder. Han skriv mellom anna:
«Jeg har havt meget Umag med at samle dette Omqvæd, og det i forskjellige flere Præstegjelde har jeg opsøgt de ældste Oldinge som har kunnet underrette mig herom, og det har varet i flere Aar, inden jeg kunde komme til den Samling deraf som jeg her leverer Dem, og har det ikke været nok med at samle, men ogsaa har det været Arbeide i at ordne det Samlede som forhen laae spredt om hinanden,saa at man havde ingen Forbindelse i de fremsatte Materier i dette Omqvæd.»
Jørgen Moe publiserte ein rekonstruksjon av Draumkvedet i 1847 på grunnlag av tre oppskrifter. To hadde han sjølv gjort, den tredje var Nils Sveinungssons.
Det finst ei mengd med oppskrifter som gjev seg ut for å vera Draumkvedet; dei aller fleste inneheld berre nokre få gamlestev. Men i varianten etter Maren Ramskeid finst det ingen utprega gamlestev. Det mest sentrale Draumkvede-materialet er prenta i Norske mellomalderballadar 1 : Legendeviser, ved Ådel Gjøstein Blom (1982). Her er det teke med 25 variantar etter namngjevne og ikkje namngjevne tradisjonsberarar, nedteikna i tidsrommet 1842 til 1914. Mellom oppskrivarane finn vi, attåt M.B. Landstad og Jørgen Moe, folk som Sophus Bugge, Moltke Moe og Rikard Berge.
Stevrekkje eller ballade? Strofeforma i Draumkvedet er, som nemnd, identisk med gamlestevet. Gamlestev er gjerne visdomsstev; difor er det naturleg at det i somme oppskrifter av Draumkvedet finst strofer som også kan opptre som frittståande gamlestev. Om det er stev som har gått inn i visa, eller stevliknande strofer som har slite seg laus frå visa, er ikkje godt å seia. Ein må heller ikkje gløyme at tonane er skylde den sokalla «gamle stevtonen». Stev med sams tema finst i overleveringa som stevrekkjer. Eksempel på det er Norafjøllssteva, som skildrar ei reise, og Draugkvedet som inneheld stev som er lagde i munnen på ein dauing. (Draug = attergangar etter ein død person. Draugar opptrer til dømes i segner). Somme forskarar, som Brynjulf Alver, har drøfta om Draumkvedet beint fram kan vera ei stevrekkje, og inga folkevise. Svale Solheim og fleire med han har vore og er rimeleg overtydde om at Draumvedet er ei sjølvstendig vise, noko dei beste nedteikningane ber bod om. Dei har ein episk tråd, og dertil stort sett ikkje innslag av gamlestev.
Liksom Draumkvedet, handlar «Beltevisa» (ei skjemtevise) om ein mann som merkjer seg ut i samband med kyrkjegang, den eine av di han kjem med løyndomar frå den hi verda, den andre av di han ber eit belte som vekkjer oppsikt. Blant anna i materialet etter Sveinungsson finn ein strofer som og finst i Beltevisa. Dette er i og for seg normalt i balladematerialet. Slike strofer er kalla vandrestrofer og opptrer gjerne når det er noko sams i situasjonen. Observasjonen kan difor ikkje nyttast til å undergrave at det finst eit sjølvstendig Draumkvede. Dei beste variantane har dessutan ikkje strofer sams med Beltevisa.Desse og nærskylde problem er drøfte av Magne Myhren i Telemark historie 16, s. 49-53
Eineståande i Norden Draumkvedet har ingen variantar i det øvrige nordiske balladematerialet, men det finst mange balladar med visjonsmotiv, som til dømes «Agnus Dei». To danske balladar, «Den rige Mands Sjæl» og «Sjælen for Himmerigs Dør» (DgF 105 og 106), har, interessant nok, eit omkved som minner om Draumkvedet: «Tungen kan tale, men Sjælen skal svare for Dommen». Jf. Draumkvedet: «Tunga talar, og sanning svarar på domedag.» Dette omkvedet er det elles lite av dekning for i nedteikningane av Draumkvedet.
Dateringsteoriar og tolkingar Jørgen Moe meinte at Draumkvedet var «verken meer eller mindre end den ældre Eddas Sólar-ljód, omformet til en Romance», og at Olav Åsteson måtte vera Heilag-Olav. M. B. Landstad slutta seg til synspunktet, men meinte at både Sólarljód og Draumkvedet byggjer på den heilage Ansgars visjonar som vi kjenner frå hagiografien om han.