Aftenposten er den største dagsavisa i Noreg, og dekker spesielt Oslo og omland. Avisa har tradisjonelt hatt eit nært tilhøve til riksmålsrørsla, og målforma til avisa har vore ein skriftnormal fastsett av Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur. Etter kvart har avisa gått over til å skriva vanleg bokmål.
thumb|left|Aftenposten held frå 2003 til 2014 til i Posthuset (det tidlegare Postgirobygget), eit næringsbygg i Biskop Gunnerus' gate 14 i Oslo som mellom anna hyser hovudkontoret for Posten Norge. Før dess hadde Aftenposten sin eigen bygning i Akersgata i Oslo, med avisene Dagbladet og Verdens Gang (VG) som grannar i kvar sine bygningar. Dagbladet flytta òg ut av denne «avisgata», medan Aftenposten flytta attende i 2014, og då inn hjå Verdens Gang.
Historie Aftenposten vart grunnlagd av Christian Schibsted den 14. mai 1860 under namnet Christiania Adresse-blad. Året etter vart namnet endra til Aftenposten.
Avisa fekk eit oppsving under Amandus Schibsted, som var redaktør i tida frå 1879 til 1913. Mellom anna vart avisa eit leiande lysingsorgan.
Avisa kom ut under heile okkupasjonstida under den andre verdskrigen. Noko av grunnlaget for veksten etter krigen kom av at avisa vart halden i gang, medan andre aviser vert tvinga til å stogga utgjevinga av okkupasjonsmakta.
I 1981 mista avisa posisjonen som landets største avis, rekna i opplag, til VG som Aftenposten overtok i 1966 som betaling for uteståande trykkerirekningar. Men i 2011 vart Aftenposten størst att i ein marknad med fallande opplagstal.
Aftenposten har komme i to daglege utgåver sidan 1885, morgonutgåva og Aften (tidlegare Aftenposten Aften eller berre Aften Aften på folkemunne). Sundagsavis har kome frå 1990.
Kveldsavisa vert utgjeve i tabloidformat, og i september 2003 endra Aftenposten storleiken på delar av morgonutgåva frå storformat til tabloidformat. Frå og med 2005 kjem heile morgonavisa i tabloidformat.
Aftenposten vert utgjeve av Aftenposten AS, som vert eigd av det norske mediekonsernet Schibsted ASA.
Opplagstal Aftenposten (morgen) Tal frå Mediebedriftenes Landsforening 1980–2009: 1980: 223 925 1981: 227 122 1982: 230 205 1983: 232 459 1984: 233 998 1985: 240 600 1986: 252 093 1987: 260 915 1988: 264 469 1989: 267 278 1990: 265 558 1991: 269 278 1992: 274 870 1993: 278 669 1994: 279 965 1995: 282 018 1996: 283 915 1997: 286 163 1998: 288 078 1999: 284 251 2000: 276 429 2001: 262 632 2002: 263 026 2003: 256 639 2004: 249 861 2005: 252 716 2006: 248 503 2007: 250 179 2008: 247 556 2009: 243 188 Netto opplag Aftenposten (morgen) 1980–2009
Aften (kveld) Tal frå Mediebedriftenes Landsforening: 1989–2009: 1939: 78 700
1989: 193 932 1990: 192 896 1991: 195 022 1992: 197 738 1993: 198 647 1994: 188 544 1995: 186 003 1996: 188 635 1997: 191 269 1998: 186 417 1999: 180 497 2000: 175 783 2001: 167 671 2002: 163 924 2003: 155 366 2004: 148 067 2005: 141 612 2006: 137 141 2007: 131 089 2008: 124 807 2009: 111 566 Netto opplag Aften (kveld) 1989–2009. Ansvarlege redaktørar Espen Egil Hansen, 2013– Hilde Haugsgjerd, 2009–2013 (konstituert i 2008) Hans Erik Matre, 2004–2009 Einar Hanseid, 1994–2003 Andreas Norland, 1989–1993 Egil Sundar, 1984–1990 Trygve Ramberg, 1978–1986 Hans Vatne, 1970–1984 Reidar Lunde, 1970–1978 Torolv Kandahl, 1961–1970 Herman Smitt Ingebretsen, 1949–1961 Einar Diesen, 1948–1968 Henrik J. S. Huitfeldt, 1945–1973 Johs. Nesse, 1945–1948 Henry E. Endsjø, 1941–1945 Haakon Øverland, 1936–1943 Johs. Nesse, 1930–1941 Frøis Frøisland, 1919–1930 Thorstein Diesen, 1913–1925 Ola Christofersen, 1913–1919 Amandus Schibsted, 1879–1913 Johan Magelssen, 1867–1879 Zacharias Schlytter, 1863–1867 Elling Kristoffersen, 1860–1863
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Aftenposten i Medieregisteret.no, (Medietilsynet)
Kategori:Aviser i Oslo Kategori:Norske riksdekkjande aviser Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Aviser skipa i 1860 Kategori:1860 i Noreg