Einar Førde () var ein norsk journalist og politikar for Arbeidarpartiet. Førde var som politikar ein viktig ideolog og strateg. Han var òg kringkastingssjef for NRK.
Liv og virke Einar Førde var fødd i Høyanger som son av Gudleik Førde og Dagny Hagen. Han tok artium ved Eidsvoll landsgymnas, og studerte statsvitskap, historie og samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo. Han gjennomførte også Forsvarets russiskkurs. Han var ein lovande idrettsmann, og vann 1500 meter under Nordisk juniormeisterskap i 1963.
Som politikar var han stortingsrepresentant frå 1969 til 1989, parlamentarisk leiar og nestleiar i Arbeidarpartiet, og statsråd i Kyrkje- og undervisingsdepartementet i Odvar Nordli si regjering frå 8. oktober 1979 til 4. februar 1981 og deretter i Gro Harlem Brundtland si første regjering til 14. oktober 1981.
Etter at han slutta på Stortinget var han kringkastingssjef i NRK frå 1989 til 2001. Siste åra skreiv han artiklar kvar veke i Bergens Tidende, og desse er samla i dei to siste bøkene frå hans hand.
Einar Førde døydde 61 år gamal av kreft etter ei tids sjukdom. Han etterlét seg kona Synnøve Nymo og tre born frå dette ekteskapet, og to frå tidlegare ekteskap.
Verv Stortingsrepresentant for Oslo 1969–1989 (Akershus 1981–1985) Parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet 1986–1989 Nestleiar i Arbeidarpartiet 1981–1989 Kyrkje- og undervisningsminister 1979–1981 Kringkastingssjef i NRK 1989–15. juli 2001
Bibliografi
Bøker
I bøker - eit utval
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Bakgrunnsstoff
Om Einar Førde i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane Om Einar Førde i Allkunne Tekstar om Einar Førde
Kategori:Folk frå Høyanger Kategori:Norske journalistar Kategori:Kringkastingssjefar Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Norske kyrkje- og undervisningsministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Forfattarar frå Høyanger Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske mellomdistanseløparar