mini|Jemenittisk familie i Israel samla rundt bordet på sabbaten 1. februar 1947. Sabbat (frå latin sabbatum og gresk σαββάτων) frå hebraisk šabbāt, 'kvile'), er ei nemning for den sjuande dagen i veka, og heilagdagen i jødisk tradisjon, i Unitarforbundet, adventistkyrkja og i enkelte andre kristne kyrkjesamfunn.
Ordet «sabbat» vert òg bruka i overført tyding om regelmessig kvile, som i «sabbatsår» (kvileår med skifte av gjeremål).
Om jødisk sabbatsfeiring, sjå sjabbát.
Kristen sabbatsfeiring mini|The Sabbath Eve av Alexander Johnston (1815–1891)
I den eldste kristne kyrkja tok etterkvart feiringa av Jesu oppstode på søndagen over for den gamle jødiske skikken med å halde den sjuande dagen heilag.
Etter reformasjonen fanst det fleire små grupper kristne som ut frå eit ønske om å finne attende til den sanne, opphavlege kristendommen, òg byrja å halde den sjuande vekedagen heilag, ut frå det bodordet Gud hadde gjeve i Bibelen.2. Mos. 20,10 På 1600-talet utvandra grupper av sjuandedagsbaptistar til Amerika og grunnla kyrkjelydar der. Då adventistkyrkja vart grunnlagt på midten av 1800-talet, forkynte dei at den sjuande dagen (laurdagen) var heilagdag, på grunnlag av bodet dei fann i Bibelen, eit bod som gjekk heilt attende til skapinga.1. Mos. 2,3
Kjelder Rolf H. Kvinge/Per W. Nærheim «Syvende-dagsadventistsamfunnet» i Kristne kirker og samfunn Tapir forlag 1993 ISBN 82-519-1137-0 Nils Bloch-Hoell Konfesjonskunnskap Gyldendal Norsk Forlag 1975 ISBN 82-05-06214-5
Referansar
Kategori:Kristendom Kategori:Laurdag