Moulins er ein by og kommune sentralt i Frankrike, og préfecture (administrasjonsstad) i departementet Allier. Byen har litt over 20 000 innbyggjarar.
Historie Før den franske revolusjonen var Moulins hovudstad i den tidlegare provinsen Bourbonnais og sete for hertugane i Bourbon. Dei skriftlege kjeldene om byen går heilt tilbake til 990. I 1232 gav Archambaud VIII ein forhandlarrettsavtale til innbyggjarane i byen. Byen vart enno viktigare i 1327 då Karl IV gjorde Louis I de Clermont til hertug av Bourbon. Louis eller den seinare Peter II, Hertug av Bourbon og Auvergne flytta hovudstaden i provinsen frå Bourbon-l'Archambault til Moulins.
I februar 1566 gav byen namn til edikitet i Moulins, ein viktig kongeleg avgjersle som omhandla administrasjon av rettslege, føydale og kyrkjelege privilegium.
Transport Montbeugny flyplass er ein liten flyplass nær Moulins.
Bakgrunnsstoff Lokal turisme Bilete av domkyrkja i Moulins
Kategori:Allier Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Auvergne-Rhône-Alpes