Barcelonnette (oksitansk Barciloneta eller Barcilona) er ein kommune søraust i Frankrike i Ubayedalen, og sous-préfecture (underprefektur) i departementet Alpes-de-Haute-Provence. Kommunen har nesten 3 000 innbyggjarar.

Historie Namnet på byen kjem frå Ramon Berenguer IV, greve av Barcelona og hertug av Provence, som grunnla byen i 1231.

Geografi og industri

Barcelonnette ligg i ein vid og svært frodig dal. Han ligg 1 132 meter over havet ved den høgre breidda til elva Ubaye.

Hovudnæringa i byen er hovudsakleg turisme og eit skisenter.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Alpes-de-Haute-Provence Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Provence-Alpes-Côte d'Azur