Nikolai Frederik Severin Grundtvig (), òg kjend som N.F.S. Grundtvig eller berre Grundtvig, var ein dansk forfattar, poet (diktar), filosof, historikar, prest og politikar. Tankane til Grundtvig er kjende som «grundtvigianisme».

Grundtvig er rekna som ein av dei viktigaste personane i dansk og nordisk historie. Filosofien hans gav rom for ei ikkje-valdeleg nasjonalisme i Danmark. Særleg var dette viktig etter nederlaget i krigen mot Prøyssen i 1864.

Han har skrive mange av songane i danske og norske salmebøker, mellom anna salmane «Kimer, I klokker», «Kyrkja ho er eit gamalt hus» og «I all sin glans nu stråler solen».

Om ein seier at Kingo skreiv salmar til påska og Brorson til jula, så kan ein seie at Grundtvig skreiv salmar for alle tider innan kyrkjeåret. Mest av alt skreiv han likevel pinsesalmar.

Nasjonalromantikken var viktig for Grundtvig. I det samanheng arbeidde han med å framstilla kvinnelege adelsdikt frå reformasjonstida som opphavlege folkedikt frå mellomalderen. Vidare lukkast det han å få nordisk mytologi kjend i Danmark.

Ut frå tanken «menneske først — kristen så» utvikla han ideen om folkehøgskular. Blant pietistane var det mange som rekna han som ein motstandar.

Ettermæle «De levendes Land» er teken opp i den danske kulturkanonens lyrikkantologi.Om lyrikkantologien hos Kulturkanonen

Sjå òg Folkehøgskule

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kalliope: Grundtvig sine originaldikt Ugle.dk: Gamle Danske Sange - med tekst av N. F. S. Grundtvig Lønne Højskole: Grundtvig i Højskolesangbogen Arne Lægaard, 3g i 1991: Skolen for livet! om Grundtvig

Kategori:Danske historikarar Kategori:Danske folketingsrepresentantar Kategori:Danske filosofar Kategori:Danske prestar Kategori:Danske forfattarar Kategori:Danske diktarar Kategori:Danske salmediktarar Kategori:Den danske gullalderen Kategori:Personar med verk i den danske kulturkanonen Kategori:Folk frå Vordingborg