Ingeniør Knut Berg på eventyr er ein norsk teikneserie som fyrst vart utgjeven i 1941 i Nynorsk Vekeblad.

Handlinga er lagt til ei framtidsverd med avansert teknologi. Trass i dette er enno reknestavar i bruk. Teikneserien er å likna med Lyn Gordon og fell inn i science fiction-tematikken.

Helten og hovudpersonen er den norske ingeniøren Knut Berg. Saman med gode hjelparar dreg dei rundt i heimsrommet (verdsrommet).

Dr. Panga er skurken i serien og strebar etter å ta makta i landet Kalimanko. Knut Berg og kjærasten prinsesse Aima av Kalimanko står i vegen for han.

Teikning: Jostein Øvrelid («Ronald Stone») Forteljing: Hallvard Sandnes («Vigleik Vikli»)

Teikneserien vart utgjeven som eige hefte i perioden 1943 til 1960.Tegneserier.no: Ingeniør Knut Berg på eventyr

Nye utgåver Teikneserien vert utgjeve på nytt av Fonna Forlag som julehefte. Først eit feila prøveår i 1986, men so ein periode ifrå 2000 til 2005.Tegneserier.no: Ingeniør Knut Berg på eventyr

Frå og med 2007 har det kome nye historier om ingeniøren, no med manus av Jon Bing og Tor-Åge Bringsværd, med den tidlegare Fantomet-teiknaren Knut Westad for streken. Etter det forlaget har røpt, vil ingeniøren vende tilbake frå Mars-turen han tok på 60-talet og gå laus på problema rundt miljøet og matvaremangelen.NITO: Ingeniør Knut Berg er tilbake Nynorskdrakta vert gjeven av Olaf Almenningen.Ivar Aasen-tunet: Knut Berg, Jon Bing og Knut Westad i Aasen-tunet

Fotnotar

Kategori:Nynorske teikneseriar Kategori:Norske teikneseriar Kategori:Julehefte