Biševo (italiensk Busi) er ei øy i Adriahavet, som høyrer til Kroatia. Ho ligg ligg ved den dalmatiske halvøya, 5 km sørvest for øya Vis, og har eit areal på 5,8 km².peljar.cvs Administrativt høyrer øya inn under kommunen Komiža i fylket Split-Dalmatia.

Biševo består av kalkstein, og det høgaste punktet er Straženica på 239 m. På midten av øya er det dyrkande marker, medan nordsida av øya er dekt av furuskog, og sørsida av kratt eller berr stein. Sjøen rundt er rik på fisk.Biševo på dalmacija.net Hovudnæringa på øya er vindyrking og fiske.

Eit benediktinarkloster vart grunnlagd på Biševo i 1050 av Ivan Grlić (italiensk Giovanni Gherlich) frå Split, men det vart 200 år seinare forlate på grunn av trugselen for sjørøvarar. Kyrkja av St. Silvester er bevart nær ruinane av klosteret.

Der kysten er bratt er det mange grotter, og den mest vidkjende er Den blå grotta, som har vore tilgjengeleg sidan 1884, og som ein berre kan kome inn i med båt. Ho er 18 meter lang, 6 meter djup og 6 meter høg. Inngangen til grotta er berre 1,5 meter høg og 2,5 meter brei. Frå klokka 10 til 13 skin sollyset gjennom opninga av grotta, og reflekterer frå den kvite havbotn, slik at lyset i grotta vert blåfarga, og lekamar i vatnet sølvfarga.

Folketal Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Biševo 19 15 23

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Biševo» frå , den 11. mars 2007.

Referansar

Bakgrunnsstoff Biševo på croatia-beaches.com Biševo på croatiatouristcenter.com Biševo på nautic-apartments.com Artikkel om Biševo

Bisevo