Raudt (R) er eit norsk sosialistisk parti. Partiet var stifta i 2007, etter at Arbeidaranes Kommunistparti (AKP) og Raud Valallianse (RV) var avvikla for å samle kreftene på ytste venstrefløy i Noreg i eit nytt politisk parti. Raud Ungdom heldt fram som ungdomsorganisasjonen til partiet Raudt.

Marie Sneve Martinussen er partileiar frå 2023. Charlotte Therkelsen er nestleiar. Reidar Strisland er partisekretær. Leiaren i Raud Ungdom er Alexandra Øhrn Fredwall.

Raudt har 9 mandat på Stortinget og èin ordførar.

Politisk plattform Raudt har kamp mot forskjells-Noreg som si hovudsak. Partiet er ei samanslåing av Raud Valallianse (RV) og Arbeidernes Kommunistparti (AKP). Raudt er eit revolusjonært, sosialistisk parti. Målet til partiet er å skapa eit samfunn utan utbytting og undertrykking, og som byggjer på rettferd og solidaritet.

Raudt har sin historiske ideologiske bakgrunn i marxismen og maoismen. Partiet kallar seg ikkje kommunistisk, slik forløparen AKP gjorde. Mange medlemar kjem òg frå andre politiske miljø og tradisjonar, mellom anna har den trotskistiske organisasjonen Internasjonale Sosialistar slutta seg til partiet.

Historie I samband med skipinga av det nye partiet vart Raud Valallianse og Arbeidernes Kommunistparti lagde ned. Raud Ungdom held fram som ungdomsorganisasjonen til partiet. Det var 260 delegater til stades under skipingsmøtet på Håndverkeren i Oslo. Namnet «Raudt» vart valt med 128 stemmer mot 71. Andre framlegg til namn var Raudt Val og Solidaritet. Fram til oktober 2007 brukte partiet formelt namnet Raud Valallianse, på grunn av retningslinene i vallova.

Ved fylkestingsvalet i 2007 fekk RV/ Raudt 2,1 % av røystene, og gjorde sitt beste lokalval nokon gong sidan RV vart skipa. RV/ Raudt fekk i 2007 sin første ordførar i Risør kommune, der Knut Henning Thygesen vart vald i direkteval. Partiet har likevel ikkje slått gjennom på landsbasis i så stor grad som ein hadde håpa, trass i stor entusiasme rundt sjølve partidanninga og mange nye medlemar og sympatisørar. Det har vorte trekt fram fleire moglege årsaker til dette, mellom anna intern strid i partiet og den aukande blokkdanninga i rikspolitikken som følgja av det raudgrøne regjeringssamarbeidet. Ved stortingsvalet i 2009 oppnådde Raudt 1,3% av røystene. Dette var ein framgang frå dei siste vala, men stod likevel ikkje i stil med forventningane i partiet. Heller ikkje i Raudt sine satsingsfylke, Oslo og Hordaland, vart resultatet godt nok, og partiet fekk inkje stortingsmandat.

Partiet har vore representert på Stortinget sidan 2017, då partileiar Bjørnar Moxnes vart vald inn for Oslo. Partiet har representantar i fleire fylkesting og kommunestyre.

Ved stortingsvalet i 2021 fekk Raudt 4,7 % oppslutning, som gav 8 stortingsmandat. Dette var det beste resultatet partiet hadde fått ved nasjonale val sidan skipinga i 2007.

Etter stortingsvalet 2025 fekk partiet 5,3 % oppslutning. Raudt fekk då inn 9 mandat på Stortinget. I 2026 hadde partiet ordføraren i éin kommune: Charlotte Therkelsen i Kragerø.

Valhistorikk Stortingsvalresultat

Årstal Prosent av røystene Mandat 2009 1,3 % 2013 1,1 % 2017 2,4 % 20214,7 %20255,3 %Kommunevalresultat

Årstal Prosent av røystene 2007 1,9 % 2011 1,5 % 2015 2,0 %20193,8 %20233,5 %      Fylkestingsvalresultat

Årstal Prosent av røystene 2007 2,1 % 2011 1,7 % 2015 2,2 %20193,3 %20233,5 %

Leiing mini|Torstein Dahle var siste leiar RV og den første i Raudt. Her er Dahle på stand for Raudt under Stortingsvalet 2009.

Partileiarar 2007–2010 Torstein Dahle 2010–2012 Turid Thomassen 2012–2023 Bjørnar Moxnes 2023– Marie Sneve Martinussen

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske politiske parti Kategori:Sosialistiske parti Kategori:Skipingar i 2007