mini|Tradisjonelle grenser for dei samiske språkregionane: 1. Sørsamisk, 2. Umesamisk, 3. Pitesamisk, 4. Lulesamisk, 5. Nordsamisk, 6. Skoltesamisk/austsamisk, 7. Enaresamisk, 8. Kildinsamisk, 9. Tersamisk. Mørkare område representerer kommunar som godtek samisk som eit offisielt språk.
Samiske språk er ei gruppe finsk-ugriske språk (i den uralske språkfamilien) som blir tala av samar i nordlege område i Noreg, Sverige, Finland og Russland (på Kola-halvøya). Dei mest ulike av dei samiske språka er heilt uforståelege seg imellom, men tilgrensande språk er alltid forståelege. Difor er det vanleg å seie at dei samiske språka dannar eit dialekt-kontinuum. Det største samiske språket er nordsamisk. Dei næraste slektningane til dei samiske språka er dei austersjøfinske, deretter dei mordvinske språka. I tillegg hadde dei samiske språka fram til etter førre tusenårskifte slektspråk i området mellom Karelen og Mordovia, språk som no er utdøydd.
Inndeling av språkfamilien Tradisjonelt blir den samiske språkfamilien delt i to greiner, austleg og vestleg. Den tradisjonelle inndelinga blir her vist i ein versjon frå Sammallahti 1998.
Dei siste åra har framfor alt Jaakko Häkkinen og Minerva Piha argumentert for ei anna todeling, parallelt med tilsvarande teoriar for austersjøfinsk. Etter denne inndelinga var dei sørsamiske språka dei første språka som delte seg ut frå det samiske urspråket.
Sett ut i frå dagens språksituasjon hadde ei tredeling, med språka frå og med pitesamisk til og med enaresamisk som midtgruppe vore meir rimeleg. Sett frå nordsamisk er det mogleg å forstå både enaresamisk, lulesamisk og til ein viss grad pitesamisk. Den innbyrdes forståinga mellom pite- og enaresamisk er ikkje like stor, men likevel til ein viss grad til stades, særleg viss talarane av dei to språka er van med å høyre nordsamisk. Vil vi gå sørover, til ume- og sørsamisk eller austover, til skoltesamisk, støter vi på ei meir tydeleg språkgrense.
For kriteria for inndelinga, sjå Indre språkhistorie nedanfor.
Typologiske særdrag
Dei uralske språka er typiske agglutinerande språk, med suffiksering som dominerande grammatisk prosess. Dei har ikkje genus eller bøyingsklasse, men stammeklasse. Fraser blir bygd opp med kjerne til høgre (postposisjonar heller enn preposisjonar, dvs. «sjøs til» heller enn «til sjøs», verbet etter objektet sitt «Per fisk fanga» heller enn «Per fanga fisk»).
Samanlikna med slektspråka sine er dei samiske språka kanskje dei som har fjerna seg lengst frå den prototypiske uralske modellen, men dei har framleis umiskjennelege uralske drag.
Uralske særdrag
Typologiske drag der dei samiske språka oppfører seg som andre uralske språk er m.a. følgjande (der ikkje anna er sagt er døma frå nordsamisk):
Fonologi Dei samiske språka har fast trykkplassering (på første staving), slik at det skal vere lett å finne ordgrense, sjølv for lange ord med mange suffiks. I det samiske ordforrådet er det restriksjonar på konsonantar i byrjinga av stavinga. Eit skandinavisk lånord som «kniv» har t.d. mista første konsonant, på nordsamisk er det niibi. Samisk fonologi er relativt lite påverka av germansk, til skilnad frå austersjøfinsk, som meir eller mindre har tatt over foneminventaret til urgermansk og seinare gammalsvensk
Morfologi Dei samiske språka (utom austsamisk) har ikkje bøyingsklassar, men stammeklassar. På norsk er det umogleg å vite at preteritum av verbet grine er grein mens preteritum av kline er klinte og ikkje klein. På samisk, derimot, gjev bøyingsstammen informasjon om bøyingsformer. Tostava verb på -at, -it, -ut følgjer eitt bøyingsmønster, verb på -át, -et, -ot eit anna, og trestava verb eit tredje, slik at 1. person eintal indikativ preteritum av boahtit "å kome" er bohten, mens tilsvarande form av dohppet "å gripe" er dohppejin og av muitalit "å fortelje" er muitalin. Nekting i samisk blir uttrykt som eit eige verb, der det på norsk er eit adverb (ikkje). Der norsk har eg går (ikkje), du går (ikkje) har samisk dei positive formene mun manan og don manat og dei negative mun in mana og don it mana. Her har vi nektingsverbet ii, som har formene in og it i første og andre person, mens hovudverbet er uforanderleg i negative setningar. Dei samiske språka har lokalkasus som dannar adverbial aleine. Mun vuolggán Osloi, mun boađán Oslos tyder på nordsamisk «eg fer til Oslo, eg kjem frå Oslo», der det på samisk er kasus og berre kasus som fortel at substantivet er eit adverbial, og kva slags adverbial det er.
Syntaks Fraser blir bygd opp med komplement først og kjerne etterpå. «om samane» er sápmelaččaid birra. På sørsamisk fungerer verbfrasen på same måten. Samiske verb har mange infinitte former, som blir bøygde i kasus. T.d. tilsvarer verbforma máhttime (aktio essiv av máhttit «å kunne») ei leddsetning i norsk, i dømet Dat logai iežas máhttime buot. «Ho sa at ho kunne alt.»
Særdrag som vik av frå det typisk uralske
Dei samiske språka har, til liks med dei austersjøfinske språka, vore i kontakt med germanske og til dels baltiske språk i fleire tusen år. Som resultat av dette har dei tatt opp i seg mange typologiske drag som skil dei frå andre uralske språk. Av slike drag kan vi nemne:
Fonologi Intonasjonen i særleg sør- og lulesamisk er påverka av dei kringliggjande norske og svenske dialektane.
Morfologi Der dei fleste andre uralske språka har ein rein agglutinerande struktur, har dei samiske språka fleire suprasegmentale morfologiske prosessar. Den mest kjende er stadieveksling, som finst i alle samiske språk nord for Ume älv. Den samiske stadievekslinga skil seg frå den austersjøfinske ved at der austersjøfinsk har ei svekking av konsonantsentrum i svakt stadium, har samisk er styrking av konsonantsentrum i sterkt stadium. Samisk har ei rikare stadieveksling enn finsk. Jf. artiklane for dei einskilde språka for meir informasjon om stadievekslinga. Ein annan prosess er diftongforenkling, ein prosess der diftongen i den første stavinga blir påverka av vokalkvaliteten i den andre stavinga. Ein karakteristisk prosess i sørsamisk (som ikkje har stadieveksling) og i austsamisk, er omlyd. Dei einskilde omlydsprosessane minnar om t.d. i-omlyd og u-omlyd i germansk, men til skilnad frå germansk har sørsamisk 7 ulike omlydsrekker og 6 ulike kontekstar for kvar rekke. Dei samiske språka høyrer, i lag med austersjøfinsk og germansk, med til det nordeuropeiske Sprachbundet som dannar komplekse leksikalske omgrep med hjelp av samansetjing. Ordet for grammatikk er på nordsamisk «språklære», giellaoahppa, samansett av giella og oahppa. Forleddet i samansetjingar kan vere i nominativ eller i genitiv. Nominativ kan ha ei spesiell allegroform, der siste vokal blir svekka, som i sátni + girji = sátnegirji "ordbok". I dei fleste andre uralske språka er samansetjingar både prosodisk og ortografisk sett lausare samansett.
Syntaks Det mest karakteristiske draget ved samisk syntaks er at adjektivet har ei eiga form som det bruker når det står framfor substantivet. Ordet for «ny» er ođas, men «ny bil» og «i den nye bilen» blir ođđa biila og ođđa biillas. Til skilnad frå dei austlege uralske språka, t.d. ob-ugrisk og samojedisk, avvik dei samiske språka frå «kjerne sist»-prinsippet i fleire konstruksjonar.
Språkhistorie
Indre språkhistorie
Den samiske språkfamilien er like gammal som den austersjøfinske språkfamilien, dei oppstod som separate språkfamiliar då dei skilde seg frå kvarandre, ved at den sørlege delen av dei vestlege uralske språka kom inn under baltisk og germansk påverknad i samband med introduksjonen av jordbruket. Basert på arbeid av Ante Aikio, Jaakko Häkkinen og fleire andre er det mogleg å setje opp følgjande periodeinndeling for samisk: (Häkkinen 2010a, 2010b)
Vesturalsk (1500-1000 f.kr) Tidleg ur-finsk-samisk (1000-600 f.kr) Ursamisk (600 f.kr-150 e.kr.) Gammalsamisk (Nordvestsamisk, austsamisk) (150-) Moderne samisk (1619-)
Tidleg ur-finsk-samisk (1000-600 f.kr) Perioden med ur-finsk-samisk tar til med det språklege skiljet mellom den vestlege delen av den uralske språkfamilien på den eine sida, og mordvinsk og ein del andre, no utdøydde språk, på den andre.
Dei eldste baltiske jordbruks-lånorda er felles for både samisk, finsk, mordvinsk og marisk, så noko eige finsk-samisk urspråk kan ikkje ha oppstått før etter dei første spora av jordbruk i Volgaområdet og Baltikum, dvs. i starten av det andre tusenåret før Kristi fødsel. Det er fleire språklege trekk som sameiner samiske og austersjøfinske språk, t.d. stadieveksling, runda vokal i andre staving, bortfall av v framfor runda vokal. Fellestrekk i bøyingslæra er m.a. formativane for komparativ, imperativ, kondisjonalis, potensialis og infinitiv.
Ursamisk (600 f.kr-150 e.kr.)
Den ursamiske perioden, eller perioden då det er mogleg å skilje mellom på den eine sida eit urfinsk og den andre sida eit ursamisk språk, tar til med meir intensiv kontakt med baltiske og etter kvart germanske språk i den sørlege delen av språkområdet. Det finst også nokre baltiske lånord i mordvinsk, men hovudtyngda av kontakten kom i vest.
I denne perioden ekspanderer også ursamisk nordvestover, og kjem i kontakt med no utdøydde språk, som har late etter seg eit stort lag, eit substrat, av ikkje-uralske ord i samisk, framfor alt ord knytt til landskapsformasjonar, stadnamn, fugle- og dyrenamn, osb.
Gammalsamisk (150-1619)
I denne perioden splitta dei samiske språka seg opp i dei språka vi kjenner i dag.
Basert på lydlege kriterium ser det ut til at den primære inndelinga er ei inndeling mellom dei austsamiske og dei vestsamiske språka (jf. inndelinga i austleg og vestleg samisk ovafor). Eit sentralt målmerke er utviklinga av ursamisk *š́ i konsonantsamband som *š́k, *š́t, *š́n. Dei austlege språka har halde på den opphavlege lydsekvensen, og har t.d. for ursamisk *kōške̮ "foss, stryk" formene enaresamisk kuoškâ, skoltesamisk kuõškk, kildinsamisk кӯшшк (kuušk) og tersamisk кышшк (kiišk), der dei vestlege språka har sørsamisk goejhke, lulesamisk guojkka og nordsamisk guoika (i nordsamisk representerer bokstaven i etter vokal ein j). Som det går fram av døma skil enaresamisk seg frå dei andre austsamiske språka ved ikkje å ha apokope. Austersjøfinske språk har halde på den opphavlege sekvensen, i finsk er det tilsvarande ordet koski.
Det er også syntaktiske skilnader mellom den austlege og den vestlege språkgreina: I dei austlege språka står substantivet etter talorda 2-6 i gen.sg. (= nom.pl), men etter talord frå 7 og oppover står substantivet i partitiv. I dei vestlege språka står substantivet i gen.sg. for alle talord frå 2 og oppover, med unntak av sørsamisk, der det står i nom.pl.
Moderne samisk (1619-)
Det litt tilfeldige årstalet representerer det første skriftlege dokumentet på samisk. Den språkforma dei representerer skil seg relativt lite frå moderne samisk.
Ytre språkhistorie
Dei eldste skriftlege kjeldene
Den eldste språklege kjelda for samisk er frå 1557,John Abercromby: The earliest list of Russian Lapp words. In: Suomalais-ugrilaisen Seuran Aikakauskirja. Band 13], Nr. 2, 1895, S. då ein engelsk sjøfarande, Stephen Borough,Baldwin, R. C. D. (2004). "Borough, Stephen (1525–1584)". Oxford Dictionary of National Biography. Oxford University Press skreiv opp ei liste på 95 samiske ord på Kolahalvøya. Lista vart offentleggjord i 1589 av Richard Hakluyt.Abercromby (1895) S. 1-8
Dei første bøkene på samisk, ei ABC-bok og ei messebok, vart trykte i Sverige i 1619, og dei var skrivne på sørsamisk. Den vesle katekismen kom i 1633, og var skriven på same språk. Ei ABC-bok frå 1638 var skriven på eit meir nordleg språk, lulesamisk. I 1648 kom Johannes Tornæus si Manuale lapponicum ut, eit bestillingsverk frå den svenske staten.
Kyrkja sin språkpolitikk på 1700- og 1800-talet