Arne Garborg, fødd Aadne Eivindsson Garborg () var ein norsk forfattar, redaktør, omsetjar og intellektuell.
Verka hans Garborg, både romanane og essaya tek opp mange tema som har vore og framleis reknast å vera av ålmein interesse, t.d. religionen i moderne tid, tilhøvet mellom lokal og nasjonal identitet og det europeiske, korleis folk kan få politisk påverknad og makt.
Livssoge mini|Garborgheimen, der Garborg var fødd og voks opp. mini|Labråten i Hvalstaddalen i Asker, som var heimen åt Hulda og Arne Garborg i mange år. Arne Garborg var frå garden Garborg i Time kommune på Jæren i Rogaland fylke. Her voks han opp saman med foreldre og åtte sysken. Garborg reiste ut for å ta utdanning, trass i at han var odelsgut. Faren hadde ønskt at odelsguten skulle ha vore heime og etter kvart teke over garden. Faren, som var ein høgt respektert mann i bygda, kom ut i eit religiøst prega tungsinn, og tok livet av seg i 1870. Denne hendinga sette djupe spor i Arne Garborgs liv og forfattarskap, mellom anna i jærromanen Fred. I diktringen Haugtussa (1895), eitt av høgdepunkta i norsk bokheim, søkte han attende til liv og tru på Jæren i den førpietistiske tida.
mini|Portrett av Arne Garborg, måla av Olav Rusti 1912-14. I 1887 vart Garborg gift med forfattaren Hulda Garborg (fødd Bergersen). Dei budde frå 1897 på Labråten på Hvalstad i Asker, ein sentral møtestad for Askerkretsen, det leiande intellektuelle miljøet i Noreg i denne tida. På Jæren fekk Garborg i 1899 bygd ein sommarbustad, jærhuset i Knudaheio.
I 1871 grunnla Garborg avisa Seminaristen I 1872 grunnla Garborg avisa Tvedestrandsposten. I 1877 starta Garborg avisa Fedraheimen. Fram til 1892 redigerte han avisa. I 1894 grunnla han saman med Rasmus Steinsvik avisa Den 17de Mai. Avisa skifta i 1935 namn til Norsk Tidend. I 1899 la han fram midlandsnormalen i lag med Rasmus Flo; Garborg nytta denne rettskrivinga sidan, og hans Skriftir i samling kom ut med alle verka omskrivne etter den. Romanen Fred (1892) og Haugtussa er sentrale verk i den norske bokheimen. Men også Bondestudentar, Mannfolk, Hjaa ho Mor og Trætte Mænd gjorde inntrykk på samtida, dei to siste også internasjonalt. Arne Garborg hadde mellom anna eit stort namn i Tyskland på 1890-talet.
Både Garborgheimen, Knudaheio og Labråten er museum i dag. I 2012 opna Garborgsenteret på Bryne, eit humanistisk vitensenter om Arne og Hulda Garborg.
Verkliste mini|Skulptur i stein av Arne Garborg, ved skrivestova hans i Knudaheio.
Romanar Ein Fritenkjar (1878) Bondestudentar (1883) Mannfolk (1886) Hjaa ho Mor (1890) Trætte Mænd (1891) Fred (1892) Den burtkomme Faderen (1899) Diktsamlingar Haugtussa (1895) I Helheim (1901) Skodespel Uforsonlige (1888) Læraren (1896) Andre verk Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse (1877) «Gud signe Noregs land» (1878) Forteljingar og Sogar (1884) Knudahei-brev (1904) Jesus Messias (1906) Kolbotnbrev (1890) Jonas Lie. En Udviklingshistorie (1893) Dagbok 1905-1923 (1925–1927) Tankar og utsyn (1950) Odyssevskvædet umsetjing, Kristiania (1918) Han Lars i Lia
Litteratur Fidjestøl, Alfred. 2014. Frå Asker til Eden : historia om askerkretsen 1897-1924. Oslo: Samlaget. ISBN 978-82-521-8459-4
Bakgrunnsstoff
Garborgs tekster – Dokumentasjonsprosjektet frå UiO. Skriftir i Samling og andre verk i digitalisert utgåve. Garborgtekstar i Ivar Aasen-tunet sitt nettbibliotek Haugtussa Fedraheimen
Digitalt tilgjengeleg arkivmateriale etter Arne Garborg i Nasjonalbiblioteket
Nettstader Garborg.no Garborgsenteret på Bryne. Forfattarnett Forfattarnett. Garborgnett Nettstad utviklet i forbindelse med Garborgåret 2001. GarborgDagane Heimesida til GarborgDagane på Tynset. Labråten Asker museum.
Artiklar Arne Garborg i Dagbladet Forfatter Arne Garborg i NRK Forfatter Arne Garborg i Norsk biografisk leksikon Besøkt 15.08.09.
Bilete Galleri Nors fotografier av Arne Garborg
Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Naturalistiske forfattarar Kategori:Nyromantiske forfattarar Kategori:Kristianiabohemen Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Time Kategori:Norske dagbokforfattarar