miniatyr|NTNU sitt organisasjonskart 2016 mini|NTNU sitt organisasjonskart 2017–

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) er eit offentleg universitet som opphavleg berre låg i Trondheim, men som frå 1. januar 2016 vart slege saman med Høgskolen i Gjøvik, Høgskolen i Ålesund og Høgskolen i Sør-Trøndelag som eitt universitet med namnet Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), og såleis fekk campus fleire stader i landet. Campusane i Gjøvik og Ålesund heiter no formelt NTNU i Gjøvik og NTNU i Ålesund. Etter denne samanslåinga vart universitetet det største i landet.

Det opphavlege Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet vart skipa i 1996 ved ei samanslåing av institusjonar for forsking og høgare utdanning i Trondheim, og var då det nest største av dei åtte universiteta i Noreg. Det har framleis hovudansvar for den høgare teknologiutdanninga i Noreg, og har òg eit breitt fagtilbod innan naturvitskap, humaniora og estetiske fag, samfunnsvitskap og økonomisk-administrative fag. NTNU hadde pr. 2015 profesjonsutdanning innan ingeniørfag, medisin, psykologi, arkitektur, biletkunst, musikk og lærarutdanning. Etter fusjonen med høgskolane, er profesjonsutdanningane utvida med mellom anna sjukepleie, fysioterapi, siviløkonomstudium, rekneskap og revisjon, grafisk formgjeving og leiing innan shipping.

Universitetet hadde før siste samamslåinga sju fakultet med til saman 48 institutt, og rundt 5 000 årsverk, av desse 3 000 i undervising og forsking (36 prosent kvinner). Det var då 23 000 studentar, og uteksaminert årleg cirka 3 500 bachelor- og mastgradskandidatar og avlagt om lag 370 doktorgradar (38 prosent kvinner). NTNU har fleire campusar i og omkring Trondheim, meir enn 100 laboratorium og dreiv før siste samanslåinga om lag 2 000 forskingsprosjekt.Fakta om NTNU Dei to største lærestadene i Trondheim er på Gløshaugen (med det tidlegare NTH) og på Dragvoll.

Historie thumb|NTNU sin administrasjon held til i Hovedbygninga som blei åpnet i 1910 på Gløshaugen i Trondheim. miniatyr|Portalen over inngangen til Teknologibiblioteket, det gamle hovedbiblioteket til NTH, i Hovedbygninga. NTNU si historieTidslinje som viser NTNU si historie kan sporast tilbake til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS), som blei oppretta under namnet Det Trondhiemske Selskab i 1760. Både Vitskapsmuseet og NTNU Universitetsbiblioteket inngår i NTNU. Begge har opphavet sitt i DKNVS.

Ingeniørutdanninga i Trondheim tok til med Trondhjems Tekniske Læreanstalt i 1870. Dette fagmiljøet var ei medverkande årsak til at Stortinget i 1900 vedtok å leggje ein teknisk høgskule til Trondheim.Devik (1960) s. 33–40 Noregs tekniske høgskole (NTH) opna i 1910. Med NTH begynte NTNU si historie som utdanningsinstitusjon.

I 1922 blei byen sitt utdanningsmiljø ytterlegare utvida gjennom opprettinga av Noregs lærarhøgskule i Trondheim (NLHT), seinare Den allmennvitenskapelige høgskole (AVH). Overgangen frå høgskoleby til universitetsby følgde då NTH, AVH og Vitskapsmuséet blei slått saman til Universitetet i Trondheim (UNIT) i 1968. NTH og AVH beheldt ein stor grad av sjølvstyre gjennom heile UNIT-perioden. Stortingsvedtaket frå 1968 om å integrere dei to høgskolane blei aldri heilt innfridd. Den medisinske undervisinga starta i 1975 ved Avdeling for Medisin (seinare Det medisinske fakultet).

NTNU sitt faglege og organisatoriske grunnlag blei i 1995 utgreidd av Underdal-utvalet, og Stortinget vedtok oppretting av NTNU frå 1996.Kirke-, utdannings- og forskningskomiteens innstilling 1996 om NTNUs organisering

NTNU blei danna 1. januar 1996 då NTH, AVH, Vitskapsmuséet, Det medisinske fakultet (DMF), Kunstakademiet i Trondheim og Musikkonservatoriet i Trondheim blei slått saman til eitt universitet.Rabben, Magne B. (2010) 1996 - NTNU blir etablert Det var store protestar mot samanslåinga frå NTH- og AVH-tilsette og -studentar, som blant anna ville ha eit fristilt NTH.Larsen, Rolf L. (1995) «Studenter føler seg overkjørt». I: Aftenposten, 21. mars 1995NTB-tekst 16. mars 1995: Teknisk-naturvitenskapelig universitet i Trondheim Samanslåinga var i tråd med det offentleg oppretta Underdal-utvalet si tilråding frå 1995,Underdal-utvalgets rapport, NOU 1995:28 som Stortinget i hovudsak slutta seg til.St meld nr 24 (1995–96)

I 2014 fekk dei statlege høgare utdanningsinstitusjonane i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å kome med innspel til arbeidet med framtidig struktur i universitets- og høgskulesektoren.Brevet fra KD, med beskrivelse av oppdraget Regjeringa ønskte mellom anna færre institusjonar innan sektoren. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen uttalte på ein konferanse om denne saka: «Vi sprer ressursene til forskning og høyere utdanning for tynt. Vi har for mange små og sårbare fagmiljø som tilbyr de samme utdanningene. Det fører til at mange små institusjoner legger strategier for å konkurrere med hverandre i stedet for å samarbeide.»Rektoratet sin blogg, NTNU

Organisasjon Underdal-utvalet si innstilling og Stortinget sitt vedtak danna fram til 2016 fundamentet for NTNU si organisering.

1. januar 2016 blei fusjonen mellom NTNU og høgskolane i Gjøvik, Ålesund og Sør-Trøndelag offisiell, og NTNU fekk campusar i Ålesund og Gjøvik, i tillegg til i Trondheim. Frå 1. januar 2017 består NTNU av åtte fakultet med til saman 56 institutt, i tillegg til andre einingar som NTNU Vitskapsmuseet og NTNU Universitetsbiblioteket.

Fusjon Regjeringa la våren 2015 fram stortingsmeldinga Konsentrasjon for kvalitet – strukturreform i universitets- og høyskolesekstoren. I presentasjonen av meldinga skreiv regjeringen.no blant anna dette om bakgrunnen for henne: «Norge må omstille seg for å møte samfunnsendringene og for å sikre arbeidsplasser og velferd i fremtiden. Ein viktig nøkkel er økt kvalitet i høyere utdanning og forskning. Derfor endrer vi universitets- og høyskolesektoren og samler ressursene på færre, men sterkere institusjoner. Vi legger en struktur for morgendagens kunnskapssamfunn.»Meld. St. 18 (2014–2015). Tilrådinga til Stortinget frå Kunnskapsdepartementet blei vedtatt i statsråd samme dag.

Styret ved NTNU vedtok 28. januar 2015 at dei ønskte ei samanslåing med Høgskolen i Sør-Trøndelag, Høgskolen i Ålesund og Høgskolen i Gjøvik.NTNU blir landets største universitetNTNU-styret vedtok fusjon med de tre høyskolene

Rektorane ved NTNU og dei tre høgskolane skreiv ein kronikk i 2015, om sine grunnar for å ønske ein fusjon mellom nett desse institusjonane. Der peika dei på at i Trondheim, der NTNU (1996–2015) og Høgskulen i Sør-Trøndelag (HiST) var lokaliserte, hadde dei to utdanningsinstitusjonane fleire fagmiljø som i stor grad var innafor felles samfunnsområder; medisin/helsevitskap, økonomi, lærar-/lektorutdanning og teknologi. Ei samanslåing ville styrke den faglege kvaliteten på forsking og utdanning. Ålesund, med sine spesialiserte miljø innanfor marine og maritime område, og Gjøvik, med spesialkompetanse innan informasjonssikkerheit og berekraftig produksjon, ville styrke NTNU si rolle som teknologiuniversitet.Bovim, Gunnar; Helge Klungland; Marianne Synnes; Jørn Wroldsen (4. mars 2015) «Fusjonerer for å bli fremragende sammen». I: Adresseavisen

Det endelege vedtaket om fusjon blei fatta av Kunnskapsdepartementet sommaren 2015.Regjeringa sin omtale av fusjonen, Kgl. res. 19. juni 2015

Det var både positive og negative reaksjonar på den kommande fusjonen, blant dei tilsette og eksterne kommentatorar,Jones, Hanna Maria (15. juni 2015) «På vei inn i fusjonen». HiST.noLandsverk, Johanne (1. oktober 2015) «- Fusjonen vil gje betre bibliotektenester». I: Forskerforum og han blei vedteken med eit knappast mogeleg fleirtal i NTNU sitt styre. Alle dei fem ansatterepresentantane stemte imot, men studentrepresentantene og dei fire eksterne representantane gjekk inn for fusjonen.Kristiansen, Kai og Svein I. Meland (28. januar 2015) NTNU-styret vedtok fusjon med de tre høyskolene I: Adresseavisen

Det har vore stor mediedekning av prosessen.NTNUs lenkeliste til eksterne mediers dekning av fusjonsprosessen Ut frå artiklar i avisene, og innlegg på Studenttinget sin nettstad, går det fram at studentane jamt over var meir positive til fusjonen enn dei tilsette var. Dei store avstandane blei nemnde som ei utfordring for kvaliteten i samarbeidet mellom institusjonane.Jor, Eira L. (29. januar 2015) «Studenter både skeptiske og begeistret for fusjon». I: Khrono

2016 var eit overgangsår for NTNU. Aktiviteten ved dei tre tidlegare høgskolane heldt fram med små endringar, samstundes med at ein arbeidde på ulike område med planar for studia, fagleg og administrativ organisering – og kvalitetssikring på alle felt, så alt var klart 1. januar 2017.Tidsplan for fusjonen

Talet tilsette totalt per januar 2016 var rundt 6 700. Før fusjonen, i 2015, var talet på tilsette ved NTNU rundt 5 300. Av desse var 3 167 stillingar innan undervisning, forsking og formidling, ein auke frå 1 582 i 1996, då NTNU blei oppretta.

Tildelte midlar for 2016 frå Kunnskapsdepartementet utgjorde 5,91 milliardar kroner, av dette er 4,3 milliardar til verksemda som tidlegare var NTNU, 1,03 milliardar til tidlegare Høgskolen i Sør-Trøndelag, 313 millionar til tidlegare Høgskolen i Gjøvik og 265 millionar til tidlegare Høgskolen i Ålesund. Samla tildelte middel var 5,3 % høgare enn for 2015.Om: Årsplan for 2016, samt langtidsutsikter 2017-2019. Notat fra rektor til styret, 12. november 2015, side 9. NTNUs hjemmeside. (lese 20. februar 2016)

Leiing miniatyr|300px|NTNU sitt styre samla 24. november 2015. Dette styret sat til 31. juli 2017. miniatyr|300px|NTNU sitt styre frå 1. august 2017.Flickr-album med alle styre- og varamedlemmer NTNU si organisering er heimla i universitets- og høyskoleloven. Det øvste organet er styret, som normalt består av 11 medlemer.Universitets- og høyskoleloven §9-3 om styret si samansetjing: «Styret har elleve medlemmer og består av styreleder, tre medlemmer valgt blant ansatte i undervisnings- og forskerstilling, ett medlem valgt blant de teknisk og administrativt ansatte, to medlemmer valgt blant studentene og fire eksterne medlemmer. Hvis rektor er valgt etter § 10-1, er rektor styrets leder. Hvis rektor er ansatt etter § 10-4, erstattes rektor av ett medlem valgt blant ansatte i undervisnings- og forskerstilling, og departementet utpeker ett av de eksterne medlemmene til å være styrets leder.»] To av medlemene er studentrepresentantar. Rektor rapporterer til styret og er styret sin sekretær. Remi Eriksen, administrerande direktør i Det Norske Veritas (DNV) er utnemnd av Kunnskapsdepartementet som styreleiar for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025. Han etterfølgjer Nils Kristian Nakstad.

2016 var eit overgangsår også når det gjaldt NTNU si leiing. 24. november 2015 møttest det nye styret for første gang. Det var då utvida med eitt styremedlem frå kvar av dei fusjonerande høgskolane, og ein ekstern representant utpeika av Kunnskapsdepartementet. Denne representanten er òg frå (tidlegare) Høgskulen i Ålesund. Dette styret sat fram til 31. juli 2017. Då var det nytt val, og talet på representantar blei igjen elleve.Meland, Svein Inge (25. november 2015) «Sunnmøringene best ut i nytt NTNU-styre»: I: Adresseavisen, s. 8

Rektor er dagleg leiar for NTNU sin faglege og administrative aktivitet. Rektor er tilsett av styret, ikkje vald. Dette er eit resultat av styret sitt vedtak frå 2003 om å innføre «einsarta leiing» ved universitetet.Notat om arbeidet med einsarta leiing

Rektoratet har fire prorektorar: Prorektor for forsking, prorektor for utdanning, prorektor for nyskaping og prorektor for faglig integrasjon. Prorektor for forsking er rektor sin varamann. I rektoratet inngår òg økonomi- og eigedomsdirektør, organisasjonsdirektør og viserektorane ved NTNU i Gjøvik og Ålesund. Prorektorar og direktørar er òg tilsette, ikkje valte.

I overgangsåret 2016 gjaldt desse ordningane: