Bremanger kommune er ein kystkommune som ligg på grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord i Vestland fylke. Kommunen er delt i to — indre og ytre Bremanger, høvesvis fastlandet og øyane Bremangerlandet og Frøya.
Kommunikasjon Øyane er knytte saman med bru. Ytre del av kommunen har ferjesamband med Måløy. Tunnel under Skatestraumen og bru til Rugsund knytte øyane til fastlandet i 2002(Bremangersambandet 1).Ny tunnel Bortne-Langesi(Bremangersambambandet 2) opna i 2013 og kortar avstand frå øyane til Svelgen (og Florø/Førde) med 40 km.Det er ferjesamband over Nordfjorden frå Isane til Stårheim.Det er snøggbåtsamband nordover til Selje og sørover til Florø og Bergen. Avstand til flyplass i Florø frå Svelgen er 59,9 km. Svelgen, som ligg inst i Nordgulen, er kommunesenter.
Næring Næringsgrunnlaget i ytre delen av kommunen har tradisjonelt vore knytt til fiske- og fiskeforedling, noko kystkulturlandskapet ber preg av. I Svelgen ligg den største arbeidsplassen i kommunen — Elkem ASA Bremanger Smelteverk, ei metallurgisk industriverksemd med om lag 290 årsverk. Elles er der jordbruk, skogbruk og serviceverksemder.
Natur Kommunen har ein svært variert natur, frå det golde kystlandskapet til frodige landbruksbygder og høge fjell og brear i indre del av kommunen. Fjellet Hornelen er den høgaste sjøklippa i Nord-Europa.
Tettstader Bremanger med Kalvåg med Svelgen med
Bygder Ålfoten
Kjende folk frå Bremanger kommune Amanda Igland (1917–2002), pensjonatvertinne, fiskarkone, lokalpolitikar og organisasjonskvinne. Claus Frimann (1746-1829), diktar og prest. Kristofer Pedersen Indrehus (1860-1946), stortingsmann. Nikolai Astrup. (1880-1928), kunstmålar fødd i Kalvåg. Bård Olav Grotle (1917-1942), krigshelt Arvid Eikevik (1935-2015), kunstmålar Aase Botnmark (1927-2012), bilethoggar Else Myklebust (1938-), programleiar og journalist (NRK) Finn Hauge (1950-), jazzmusikar. Magni Øvrebotten (1954-), redaktør og journalist. Norulv Øvrebotten (1955-), politiker og redaktør. Olve Grotle (1964-), stortingsrepresentant. Heidi Grande Røys (1967–), politikar (SV) og statsråd 2005-2009. Dag H. Nestegard (1968-), forfattar og journalist. Cecilie Rise Ortner (1977-), friidrettsutøver Erling Sande (1978-), stortingsrepresentant (Sp) og statsråd
Bakgrunnsstoff Bremanger kommune Oversikt over kommunale arkiv frå Bremanger i perioden 1837-1965 Oversikt over kommunale arkiv frå Bremanger i perioden etter 1964 Oversikt over kommunale arkiv frå Davik i perioden 1837-1965
Kategori:Sunnfjord Kategori:Nordfjord Kategori:Tidlegare kommunar i Sogn og Fjordane Kategori:Kommunar i Vestland