mini|Demonstrasjon av tilhengarar av grøn ideologi Grønn ideologi er ei samling politiske ideologiar som tar utgangspunkt i ei økologisk forståing av røyndommen. Begrepet økologisme er et delvis overlappende begrep. Dei fleste grøne ideologiar er antiautoritære og ikkjevaldelege.
Denne grøne ideologien (økologisme) er trua på at verken sosialismen eller kapitalismen er den rette vegen. Begge samfunnsformar er baserte på vekst, noko økologistane ikkje anerkjenner. Dei går i staden inn for berekraftig utvikling og økologi, og melder seg ut av den tradisjonelle politiske høgre/venstre-aksen. Dei trur på ein liten stat men sterke lokalsamfunn (i ulik grad), men meiner at ein skal bidrage til fellesskapet så alle kan realisera seg sjølv i balanse med naturen. Ideologien går inn for eit miljøvennleg og økologisk samfunn som er berekraftig men samstundes òg produktivt.
Grøn politisk tenking fekk fyrst innverknad som ei av fleire opprørsrørsler i 1960-åra. Med eit antiautoritært preg blei den radikale miljørørsla eit alternativ til dei marxistiske rørslene på denne tida, og tok mange element av anarkistisk tradisjon opp i seg.
Grønn ideologisk tradisjon var grunnlaget for dei økologiske partia som oppstod på 1980-talet, preget av tenkinga til blant andre Petra Kelly og Murray Bookchin.
I Noreg er grøn ideologi særleg eit grunnlag for Miljøpartiet De Grønne.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Grøn ideologi» frå , den 22. mars 2022.
Denne artikkelen bygger på «Grønn ideologi» frå , den 22. mars 2022.
Kategori:Miljøvernparti Kategori:Berekraft Kategori:Politiske ideologiar Kategori:Økologi Kategori:Delingsøkonomi