«Maps» (norsk 'kart') er ein song frå 2021 som vert framført av den irske songaren Lesley Roy. Songen vart vald av den irske kringkastaren RTÉ til å representere Irland i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Låten vart sloppen 26. februar 2021.

Bakgrunn Den irske låtskrivaren Lesley Roy vart vald av kringkastaren RTÉ til representere Irland i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Story of My Life», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. RTÉ vedtok at Lesley Roy i staden skulle delta i Eurovision Song Contest i 2021.

«Maps» vart skriven og produsert hausten 2020 av Lesley Roy saman med Philip Strand og Eurovision-produsenten Lukas Hällgren, som skreiv det sveitsiske bidraget i 2019, «She Got Me». Den Stockholm-baserte låtskrivaren Emelie Eriksson var òg med på å skrive «Maps».

Irland deltok i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy i Nederland tysdag 18. mai, men enda på 16. og siste plass i semifinalen med 20 poeng. Dimed kvalifiserte ikkje songen seg til finalen laurdag 22. mai 2021. Dette var Irlands andre sisteplass på rad i ein semifinale.

Listeplasseringar Liste (2021)Høgaste plasseringIrland (IRMA)76Litauen (AGATA)96Nederland (Single Tip)30

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Maps» frå , den 11. desember 2021.

Kategori:Irske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Lesley Roy-songar