«You» (norsk 'du') er ein popsong frå 2020 som vert framført av den makedonske songaren Vasil Garvanliev. Songen skulle ha vore det makedonske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020. Tittelen vart offentleggjord 14. februar, medan songen vart gjeven ut 8. mars same år.
Bakgrunn «You» vart internt vald ut av Makedonsk radio og televisjon (MRT) som det makedonske bidraget til Eurovision Song Contest 2020. Låten vart komponert av den makedonsk-fødde låtskrivaren og produsenten Nevena Neskoska, busett i Chicago. Ho hadde òg skrive songteksta saman med Kalina Neskoska og Alice Schroeder.
Songen vart framført av Vasil Garvanliev, som i januar 2020 vart internt vald av MRT til å representere landet i Eurovision Song Contest. I januar 2020 vart Nord-Makedonia trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland tysdag 12. mai. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «You (Vasil Garvanliev-sang)» frå , den 12. desember 2021.
Kategori:Makedonske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-songar