Leopoldo Jacinto Luque () var ein argentinsk fotballspelar frå Santa Fe som vart verdsmeister i 1978 med Argentinas landslag. Han var angrepsspelar.

Luque var innom ti ulike fotballklubbar i heimlandet og Brasil. Han var framom alt knytt til River Plate, ein klubb han spelte for i tida 1975-80. Han vart nasjonal serimeister med klubben i 1975 og 1980.

Frå landslagsdebuten i 1975 deltok i 44 landskampar fram til 1981. I alt skåra han 22 landslagsmål. Fire av måla kom under verdsmeisterskapen på heimebane i 1978. Argentina sigra i finalen mot Nederland med 3 mot 1.

Han døydde i Mendoza av Covid-19.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Leopoldo Luque» frå , den 10. oktober 2021.

Kategori:Argentinske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1978