«When the Lights Are Out» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1974 som den fjerde og siste singelen frå det fjerde studioalbumet deira, Old New Borrowed and Blue (kjend som Stomp Your Hands, Clap Your Feet i Amerika). Singelen kom ut i Amerika og Belgia. Songen vart skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler.

Singelen selde ikkje godt nok til å gå inn på noko singelliste.

«When the Lights Are Out» var den første Slade-songen med Jim Lea på solovokal og Noddy Holder song berre på refrenget.CD-heftet til Old New Borrowed and Blue - 2006 Salvo B-sida til singelen var «How Can It Be», som òg kom ut på Old New Borrowed and Blue.

Innhald 7"-singel «When the Lights Are Out» - 3:05 «How Can It Be» - 3:01

7"-singel (Amerikansk promo) «When the Lights Are Out» - 3:05 «When the Lights Are Out» - 3:05

Andre versjonar I 1978 spelte den amerikanske songaren Bob Segarini inn ein versjon av songen for albumet hans Gotta Have Pop. Han vart òg utgjeven som singel i Canada i november same år. I 1979 spelte Jim Lea inn sin eigen versjon av songen med broren Frank som ein del av sideprosjektet The Dummies. Han vart utgjeven på singel av Cheapskate Records i desember 1979,Slade News - Issue 6 - November–Desember 1979 lagt til spelelista til Radio One og vart Paul Burnett si «singel for veka». Likevel lei singelen av distribusjonsproblem, og då han hadde vorte gjeven ut på nytt på Pye Records i januar 1980, var han ikkje lenger på radio og songen nådde ikkje singellista.Slade Fan Club newsletter - Frank Lea interview - July–August 1980 Pye gav òg ut singelen i Tyskland i april 1980. Versjonen vart inkludert på albumet A Day in the Life of the Dummies frå 1992, som samla innspelingane til The Dummies. I 2009 inkluderte det amerikanske rockebandet Cheap Trick ein versjon på det sekstande studioalbuma deira The Latest, der han var hovudsingelen. Han hadde vorte spelt inn i 1976, men vart ikkje utgjeven då. Medan han spelte inn nytt materiale, insisterte produsenten Julian Raymond på at songen skulle bli inkludert på albumet. I eit intervju den gongen sa han: «Eg kunne ikkje tru at han ikkje vart utgjeven i 76 då bandet gjorde han. Eg insisterte på at dei sette han på plata akkurat som han var.»

Medverkande Slade Noddy Holder - korvokal, gitar Dave Hill - sologitar, korvokal Jim Lea - solovokal, bass Don Powell - trommer

Andre medverkande Chas Chandler - produsent

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «When the Lights Are Out» frå , den 10. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Slade-songar Kategori:Songar produserte av Chas Chandler Kategori:Warner Bros. Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Cheap Trick-songar