Slade Alive! er det første konsertalbumet til det britiske rockebandet Slade. Albumet kom ut 24. mars 1972 og nådde andreplassen på UK Albums Chart, og låg 58 veker inne på lista. Det var det første albumet av Slade som gjekk inn på den britiske albumlista og det første som gjekk inn på Billboard 200 i USA, der det nådde 158. plassen. Albumet var produsert av Chas Chandler.

Slade Alive! inneheld tre originale songar, i tillegg til coverversjonar av songar av Ten Years After, The Lovin' Spoonful, Bobby Marchan og Steppenwolf. Det vart spelt inn i Command Theatre Studio og miksa i Olympic Studios.

I det vart albumet rekna som eit av dei beste konsertalbuma som nokon gong er gjevne ut. Kiss, som var kraftig inspirerte av Slade, kalla sitt konsertalbum Alive! som ein hyllest til Slade Alive!.Ken Sharpe interview with Jim Lea

Bakgrunn Etter å ha gjort sitt britiske gjennombrot med dei suksessrike singlane «Get Down and Get With It», «Coz I Luv You» og «Look Wot You Dun», bestemte Slade at den beste måten å bryta inn på albumlista ville vera å fanga live-lyden sin på plate. I oktober 1971 spelte bandet tre kveldar på rad i Command Theatre Studio i London føre eit studiopublikum. Dei tre konsertane kosta 600 pund å spela inn, med bandet brukte det meste av innspelinga si frå den andre kvelden. Opphavleg avviste Chas Chandler miksen frå Command Studio av albumet, som vart fullført i samband med bandet sjølv. Deretter fortsette han å remiksa albumet sjølv, men bandet avviste deretter denne miksen og gjekk tilbake til sin eigen originale miks. Før utgivinga til albumet vart «Hear Me Calling» gjeven ut på singel i februar 1972 med «Get Down With It» som B-Side. Utgivinga var avgrensa til 500 eksemplar.

Slade Alive! kom ut i mars 1972. Det vart ein stor suksess i Storbritannia der det nådde andreplassen. I Australia gjekk det heilt til topps og vart det bestseljande albumet der sidan The Beatles-albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band i 1967.Slade Fan Club Newsletter April - May 1973

Utgjeving Den originale LP-utgåva av albumet kom ut i eit dobbeltfalsa omslag med eit stor teikning på innsida. Denne teikninga var den vinnande oppføringa i ei konkurranse i avisa The Sun for å designa plateomslag. I Israel og Italia vart denne teikna nytta som omslaget på utsida i staden, medan visse utgåver i Nederland og Frankrike òg brukte denne designen.

I 1978 fekk albumet ei tysk utgjeving som ein dobbeltplate i eit dobbeltfalsa omslag i lag med Slade Alive, Vol. 2. Det kom ut på CD første gongen i 1991 i ei digitalt ommastra utgåve av Lea. I 2006 var albumet ein del av den doble konsertplata Slade Alive! – The Live Anthology. Salvo gav ut albumet på ny på vinyl i 2009 og på CD i 2011. I 2017 gav BMG ut ei luksusutgåve i høve 45-årsjubileet. Denne kmo ut på vinly med ei seks sider langt hefte og kunstkort, og på CD med eit 28 sider langt hefte.

Marknasføring Som ein del av marknadsføringa for albumet spelte bandet i Storbritannia i april og mai. På Granada Television spelte bandet showet 'Set of Six' den 13. juni 1972. Dette vart filma og bestod omtrent av dei same songane som på Slade Alive! med «Hear Me Calling», «Look Wot You Dun», «Darling Be Home Soon», «Coz I Luv You», «Get Down and Get With It» og «Born To Be Wild».

Songar «Hear Me Calling» er ein coverversjon av songen til Ten Years After frå 1969 og var opphavleg planlagt som ein oppfølgjarsingel til gjennombrotssingelen deira «Get Down and Get With It». Men klarte ikkje å gjere songen bra nok i studio og droppa ideen. I 2011 kom eit acetat-opptak av studioutgåva av songen ut som bonusspor på 2011-utgåva av Sladest.Sladest Salvo Remaster 2011 Booklet Notes I eit intervju frå 1981 sa trommeslagaren Don Powell om «In Like a Shot from My Gun»: «Han var opphavleg meint som ei studioinnspeling. Men etter at me spelte han inn for Slade Alive!, tenkte me at me aldri kom til å klare og gjere det betre i studio - det er i røynda eit live-nummer.»Slade Supporters Club Newsletter May - June 1981

På «Darling Be Home Soon», ein song frå 1967 av The Lovin' Spoonful, rapar Holder inn i mikrofonen. I 2000 sa han på The Frank Skinner Show at dette var eit uhell sidan bandet hadde drukke mykje før konserten. Holder sa òg at han etter det måtte halde fram å rape under framføringa av songen for å ikkje skuffe publikum. «Know Who You Are» er ein original song som opphavleg kom ut i 1970 på albumet Play It Loud. «Get Down With It» er ein versjon av ein Bobby Marchan-song frå 1965. Utanom at det vart gjennombrotshitten til Slade, vart songen mykje spelt på konsertane deira gjennom heile karrieren. «Born to be Wild» er ein coverversjon av songen til Steppenwolf frå 1968 og vart spelt inn i studio for debutplata deira, Beginnings.

Mottaking

Då albumet kom ut meinte Record Mirror at det var eit «rockande album» av «god kvalitet». Dei la til: «Ein har fanga godt spenninga til gruppa og publikum».Record Mirror Magazine 1. april 1972 New Musical Express sa: «Slade Alive! er akkurat det det indikerer. Om du har vore på ein av dei støyande konsertane deira veit du nøyaktig kva eg meiner.»Slade Fan Club Newsletter June - July 1972 Albumet vart seinare vurdert til andreplassen på topp 10-lista deira i 1972.NME magazine 30. desember 1972 Melody Maker sa: «Fordi det vart spelt inn i eit studio føre eit publikum fekk dei ein balanse og lyd ein ofte ikkje høyrer på eit konsertopptak.»

Gregor Vaule i Colorado Springs Gazette-Telegraph meinte albumet «proppa» mykje av «den kjende personlege spenninga» inn på albumet og la til: «LP-en torar inn med Alvin Lee sin 'Hear Me Calling' og frå der og utover er det ikkje ein einaste keisam augneblink.»Colorado Springs Gazette-Telegraph newspaper - Record Rap - Gregor Vaule (music director KYSN) - 2. september 1972 Mike Diana i Daily Press Newport News skildra albumet som «eit skikkeleg tå-tappande album» og la til: «Karane speler ein frenetisk rock 'n' roll med skrikande tekstar, mono-enkle rytmar og surrande gitarar.»Daily Press Newport News - John McLaughlin Amazing - Mike Diana - 17. september 1972 Robert Hilburn i Los Angeles Times skreiv om den «kraftfulle, feirande karakteren» til bandet og avslutta: «Som med eit kvart band som er verdt rock 'n' roll-skoa sine, høyrest Slade Alive betre ut jo meir volum du høyrer det på.»Los Angeles Times - Slade album brings fun back to rock - Robert Hilburn - 26. november 1972 Rich Aregood i Philadelphia Daily News skildra albumet som «kjempeflott» og skreiv: «...Slade er noko heilt anna igjen. Eit høgtlydt, frekt og spennande rock-and-roll-band som til og med kunne fått Pat Nixon til å trampe takten.»Philadelphia Daily News - Help Yourself, Slade - Worthwhile Music - Rich Aregood - 23. september 1972

I 1991 skildra Q albumet som «tydeleg tungt» med ein «kameratsleg rockestil». Dei konkluderte med: «Det er berre moro og øl heile vegen». I 2010 rekna Classic Rock albumet som «overlegent: omdømmesementerande». AllMusic kommenterte: «Slade viste kvifor dei var eit av dei beste konsertbanda i England med dette feberkonsertopptaket. Det tar fyr med mange stampande takter, tindrande bass, tjukke gitarar og Noddy Holder sine hese vokalskrik. Slade Alive! finn gutane frå Wolverhampton som eggar den rabiate fansen sin på kvart tidspunkt.»

Innhald

Salslister Liste (1972)PlasseringAustralia (Kent Music Report) 1Den austerrikske albumlista8Den kanadiske albumlista77Den tyske albumlista25VG-lista18UK Albums Chart2U.S. Billboard 200158

Medverkande Slade Noddy Holder - solovokal, rytmegitar Dave Hill - sologitar, korvokal Jim Lea - bass, korvokal Don Powell - trommer

Andre medverkande Chas Chandler - produsent Barry Ainsworth - lydteknikar Alan O'Duffy - miksing Derek Robinson - plateomslag Chris Walter - fotografi (front) M. Webb - plateomslag (innsida)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Slade Alive!» frå , den 9. oktober 2021.

Kategori:Konsertalbum frå 1972 Kategori:Slade-album Kategori:Polydor Records-album Kategori:Album produserte av Chas Chandler