Håkon Mjøen () er ein norsk tidlegare alpinist. Han køyrde slalåm og storslalåm.

Mjøen si fremste plassering i verdscupen var ein andreplass i slalåm 14. januar 1968 i Lauberhornrenna i Wengen. Han har i tillegg ein tredjeplass i slalåm frå det første verdscuprennet i Kirkerudbakken i Bærum i 1968, og ytterlegare seks plasseringar mellom dei 10 fremste.

I Vinter-OL 1968 i Grenoble låg Mjøen på tiandeplass etter første omgang. Etter andre omgang hadde Mjøen beste tid, og ei stund trudde ein at han var gullvinnaren. Det synte seg at Mjøen hadde køyrt utom to portar i den tjukke skodda, og han vart dermed diskvalifisert.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Håkon Mjøen» frå , den 18. januar 2021 Referansar

Litteratur

Kategori:Norske alpinistar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1968 Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Folk frå Oppdal