Toni Wine () er ein USA-amerikansk popsongar og låtskrivar, som skreiv songar for artistar som The Mindbenders («A Groovy Kind of Love»), Tony Orlando and Dawn («Candida») og Checkmates, Ltd. («Black Pearl») seint i 1960- og tidleg i 1970-åra. Wine song òg kvinnelege vokal for musikkgruppa i teikneserien The Archies, som var kjend for den store hitten «Sugar, Sugar». Ho delte solovokal på den andre Arhcies-singelen, «Jingle Jangle» med Ron Dante. I tillegg var Wine korvokalist på Gene Pitney sin «It Hurts to Be in Love» og på Willie Nelson sin «Always on My Mind».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Toni Wine» frå , den 18. januar 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske popsongarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Folk frå Manhattan