Unsung Heroes er det sjette studioalbumet til den amerikanske jazzfusion-gruppa Dixie Dregs, gjeve ut i 1981.

Det vart nominert til Grammyprisen for beste rockeinstrumental.

Heile albumet er skrive og produsert av Steve Morse, og som alle dei tidlegare albuma deira er det heilt instrumentalt. Som på tidlegare album inkluderer jazzfusion-stilen deira òg element av country, som på «I'll Just Pick». Tittelen på «Day 444», ein lengre, melodisk komposisjon, syner til dagen då ei rekkje amerikanske gislar i Iran vart sleppte fri. «Go for Baroque» er eit heilt akustisk stykke i barokk stil.

Innhald Alle spor er skrivne av Steve Morse.

Medverkande Steve Morse – akustisk og elektrisk gitar Andy West – vanleg bassgitar og bandlaus bass Allen Sloan – elektrisk og akustisk 5-strengs fiolin Rod Morgenstein – trommer og perkusjon T Lavitz – akustisk og elektrisk piano, orgel, synthesizer, clavinet, saksofon

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Unsung Heroes av Dixie Dregs» frå , den 12. desember 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:Dixie Dregs-album Kategori:Arista Records-album