Industry Standard er det sjuande studioalbumet til The Dregs, gjeve ut i 1982. Bandet droppa «Dixie» frå namnet sitt for dette albumet i håp om at det skulle appellere til fleire platekjøparar.

Det var det einaste albumet deira med vokal (av Alex Ligertwood frå Santana og Patrick Simmons frå The Doobie Brothers på eitt spor kvar) og gav gruppa den fjerde Grammy-nominasjonen deira. Ligterwood song på «Crank It Up», medan Simmons song og var medlåtskrivar på «Ridin' High». I tillegg spelte Steve Howe frå Yes akustisk gitar i lag med Steve Morse på «Up in the Air».

Det vart det siste albumet deira før dei vart oppløyst. Dei kom saman att mot slutten av 80-åra og spelte inn eit album til i 1990-åra.

Innhald Alle spor skrivne av Steve Morse, utanom der andre er nemnde.

Medverkande T Lavitz – klaverinstrument, saksofon Rod Morgenstein – trommer Steve Morse – banjo, gitar Mark O'Connor – fiolin Andy West – bass, elektrisk bass

Gjesteartistar

Steve Howe - gitarduett med Steve Morse på «Up in the Air». Alex Ligertwood – vokal på «Crank It Up» Patrick Simmons – vokal på «Ridin' High»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Industry Standard» frå , den 12. desember 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Dixie Dregs-album Kategori:Musikkalbum frå 1982 Kategori:Album produserte av Eddy Offord Kategori:Arista Records-album