Free Fall er det andre studioalbumet til den amerikanske jazzfusiongruppa Dixie Dregs, gjeve ut i 1977. Det var det første albumet deira på eit større selskap, Capricorn Records.

Albumet består av instrumental fusion, stundom med country, som var uvanleg for sjangeren. Allmusic skreiv om albumet: «Gitaristen Steve Morse viste seg å vere ein viktig, ny gitarist, og gav ein uforlikeleg stil med den teknikken som musikken krev. Musikken er kompleks og utfordrande, men det er lett å oversjå den solfylte tilnærminga deira. Medan dei fortsette med å lage meir fullstendige innspelingar, beviste denne at fusion hadde ei sjel.»

Innhald

Medverkande Steve Morse – gitar, banjo, klaverinstrument, gitarsynth Allen Sloan – strykarar, fiolin, bratsj, elektrisk fiolin Andy West – bassgitar Stephen Davidowski – klaverinstrument Rod Morgenstein – trommer, perkusjon

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Free Fall (Dixie Dregs album)» frå , den 12. desember 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Dixie Dregs-album Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Capricorn Records-album