The Faust Tapes er det tredje studioalbumet til den tyske krautrockgruppa Faust, utgjeve in 1973. Albumet selde godt i Storbritannia, kring 60 000 eksemplar, hovudsakleg på grunn av eit marknadsføringstriks av Virgin Records, som sette prisen ned til prisen av ein singel. Dette eksponerte plata for eit britisk publikum, men hindra at albumet fekk gå inn på albumlista.

Recommended Records gav ut albumet på LP i 1980, og på CD i 1996 og 2001.

The Faust Tapes består av segment av songar vove inn i kvarandre i delar spreidd ut over dei to LP-sidene.

Bakgrunn Det førre selskapet til Faust var Polydor Tyskland, og då dei klaga over at det andre albumet til Faust, Faust So Far (1972), ikkje var kommersielt nok, signerte produsenten til gruppa, Uwe Nettelbeck, ein kontrakt med Virgin Records i London i staden. Ein del av avtalen mellom Nettelbeck og Virgin var at han skulle gje Virgin lydbanda han hadde med musikk Faust hadde arbeidd på sidan So Far «heilt gratis», og at Virgin skulle gje ut ei plate med så låg pris som mogeleg. Resultatet var The Faust Tapes, eit heilt album, som vart selt til 49 pence.

Ettermæle

I 1998 sette The Wire albumet The Faust Tapes på lista si kalla «Hundre plater som sette verda i brann (medan ingen høyrde etter)».

Innhald LP-utgåva

CD-utgåva frå 2001

Medverkande

Faust

Werner «Zappi» Diermaier – trommer Hans Joachim Irmler – orgel Arnulf Meifert – trommer Jean-Hervé Péron – bassgitar, vokal på «J'ai Mal Aux Dents», «Der Baum» & «Chère Chambre» Rudolf Sosna – gitar, klaverinstrument, vokal på «Flashback Caruso» & «Stretch Out Time» Gunter Wüsthoff – synthesiser, saksofon

Produksjon Kurt Graupner – lydteknikar Uwe Nettelbeck – produsent, plateomslag, vokal på «Exercise – With Voices»

Salstrofé

RegionSalstroféSalstalStorbritannia (BPI)Sølv60 000

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Faust Tapes» frå , den 25. juli 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Faust-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Recommended Records-album Kategori:Album produserte av Uwe Nettelbeck