Faust IV er det fjerde studioalbumet til den tyske krautrockgruppa Faust, utgjeve i 1973. Albumet er inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die, der det er omtalt som ein «krautrock-klassikar». Dette var det siste albumet av den første inkarnasjonen av bandet, før dei kom attende i 1994 med Rien og ei anna besetning.
Innspeling Albumet vart spelt inn i The Manor Studio i England. Sidan innspelingane tok for lang tid, gjekk produsenten Uwe Nettelbeck for å utfylle albumet med materiale dei alt hadde spelt inn tidlegare i Wümme i Bremen i Tyskland. Desse tillegga er mellom andre «Krautrock» (tidlegare sendt på radioprogrammet til John Peel) og «It's a Bit of a Pain» (tidlegare gjeven ut på singel i Tyskland).
Musikk Opningssporet, «Krautrock», er ein bordun-basert instrumental med trommer som kjem inn etter sju minutt, medan seinare spor, som «The Sad Skinhead» og «Jennifer» er meir konvensjonelle songar. Avslutningssporet, «It's a Bit of a Pain», kombinerer begge stilane, og nyttar støy på refrenget. På eit stadium seint i songen, etter refrenget, kan ein høyre ei kvinnestemme som snakkar svensk. Sporet «Just A Second» fekk undertittelen «starts like that!» på CD-utgåvene. Spornummereringa på den originale CD-utgåva var ikkje rett.
Innhald
Medverkande Werner «Zappi» Diermaier – trommer Hans Joachim Irmler – orgel Jean-Hervé Péron – vokal, bass Rudolf Sosna – vokal, gitar, klaverinstrument Gunter Wüsthoff – synthesizer, saksofon
Teknisk Kurt Graupner – lydteknikar Uwe Nettelbeck – produsent, plateomslag Gunter Wüsthoff – plateomslag
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Faust IV» frå , den 25. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Faust-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Album produserte av Uwe Nettelbeck