Finnegans Wake er det 132. albumet totalt og det 55. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve desember 2011.

Plata var den tredje i Sonic Poems-serien til Tangerine Dream, som byrja med The Island of the Fay tidlegare i 2011. Plata var basert på romanen Finnegans Wake av James Joyce. Prinsippet til denne serien var bøker som inspirerte musikken til Edgar Froese og Thorsten Quaeschning. Quaeschning har komponert tre av dei åtte spora på albumet, Froese dei andre.

«Resurrection by the Spirit» verkar å vere ein remiks av utdrag frå «Ricochet, Part Two» frå Ricochet.

Det står ikkje i plateomslaget kven som spelte på plata, men Bernhard Beibl, Hoshiko Yamane, Iris Camaa og Linda Spa, har alle blitt takka, så ein kan tenkje seg at desse har spelt på deler av albumet.

Innhald

Medverkande Tangerine Dream Edgar Froese - klaverinstrument Thorsten Quaeschning - klaverinstrument

Følgjande vart takka i omslaget og kan ha delteke musikalsk Linda Spa – saksofon, fløyte, klaverinstrument Iris Camaa - elektroniske tormmer, klaverinstrument Bernard Beibl – gitar og elektrisk fiolin Hoshiko Yamane – fiolin

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 2011 Kategori:Tangerine Dream-album