Summer in Nagasaki er det 102. albumet totalt og det 39. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i juni 2007.

Albumet var det andre av fem album i ein serie kalla Five Atomic Seasons av Tangerine Dream.

I følgje plateomslaget skal Tangerine Dream i november 2006 ha fått eit tilbod frå ein 82 år gammal japansk forretningsmann, som hadde budd og studert i Nagasaki og Hiroshima i 1945 då begge byane vart råka av atombomber. Dei fem komposisjonane måtte vere 54 minuttar lange. Musikalsk skulle del ein og to, våren og sommaren 1945, omhandle tida då klienten budde i Nagasaki, og skildre ein normal atmosfære. Han budde i Hiroshima hausten og vinteren 1945, og musikken skulle skildre kva som skjedde etter 6. august 1945. Den femte plata skulle vere «tida etter», den såkalla «endelause årstida».

I mars 2009 kom albumet ut på ny med nytt plateomslag. Sommaren 2009 kom albumet ut på ei dobbel vinylplate i lag med Views from a Red Train og Autumn in Hiroshima.

Innhald

Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument, komponist Thorsten Quaeschning - klaverinstrument, komponist

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 2007 Kategori:Tangerine Dream-album