Barneville-la-Bertran er ein fransk kommune i departementet Calvados i Normandie. I 2017 hadde han 127 innbyggjarar.

Barneville-la-Bertran ligg nord for Pays d'Auge, rundt 6 km sørvest for Honfleur, 15 km sør-søraust for Le Havre (over Seinen-estuaret) og 10 km nordaust for Deauville. Det meste av kommunen er dyrka mark.

Namn Fram til 1995 heitte kommunenn berre Barneville. Forma Barnavilla er kjend frå 1062. Det er avleidd frå det skandinaviske personnamnet Biarn eller Barni og av latinsk villa.

6. november 1995 endra Barneville offisielt namn til Barneville-la-Bertran. Bertran er namnet til adelsfamilien som har halde til her sidan høgmellomalderen.

Kjende folk med tilknyting til kommunen Jean Doublet (1655-1728), kaper, døydde i Barneville Marie-Catherine d'Aulnoy (1651-1705), forfattar, fødd i Barneville Françoise Sagan (1935-2004), forfattar, budde i herskapshuset Breuil

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Barneville-la-Bertran» frå og «Barneville-la-Bertran» frå , den 18. mai 2020.

Kategori:Kommunar i Calvados