Head Games er det tredje studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Foreigner, gjeve ut 10. september 1979 av Atlantic Records. Albumet vart spelt inn i Atlantic Studios i New York, med ytterlegare innspelingar og miksing i Cherokee Studios i Los Angeles. Det var det einaste Foreginer-albumet som var produsert av Roy Thomas Baker, mest kjend som produsent på dei klassiske albuma til Queen. Det var første albumet med den nye bassisten Rick Wills (tidlegare i Jokers Wild og Small Faces) som erstatta Ed Gagliardi (som fekk sparken frå bandet). Det var òg det siste albumet med dei opphavlege medlemmane Ian McDonald og Al Greenwood, som slutta etter innspelinga av dette albumet.
Plateomslag Modellen på fotografiet på framsida er den amerikanske skodespelarinna og filmprodusenten Lisanne Falk.
Utgjeving Albumet kom ut i august 1979, kort tid etter den første singelen frå albumet kom ut, «Dirty White Boy». Denne singelen nådde 12. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Sjølve albumet stadfesta populariteten til Foreigner og nådde femteplassen på Billboard 200-lista og oppnådde platinaplate fire månader etter det kom ut. Til no har Head Games selt over fem millionar eksemplar i USA. Dei neste singlane frå albumet var tittelsporet og «Women», som nådde høvesvis 14. og 41. plassen på lista.
Innhald
Medverkande Foreigner Lou Gramm – solovokal Mick Jones – sologitar, piano, korvokal, solovokal (på «The Modern Day»); produsent Ian McDonald – gitar, klaverinstrument, vokal; produsent Al Greenwood – klaverinstrument Dennis Elliott – trommer Rick Wills – bassgitar, vokal
Teknisk Roy Thomas Baker – producer Geoff Workman – lydteknikar George Marino – mastering (i Sterling Sound, New York) Ted Jensen – digital ommastring i 1995 (i Sterling Sound, New York) Dan Hersch – digital ommastring i 2002 Shawn R. Britton – MFSL-mastering i 2013 (o Mobile Fidelity Sound Lab i Sebastopol i California) Sandi Young – kunstnarisk leiar Chris Callis – fotografi på framsida David Alexander – fotografi på baksida William Coupon – foto i heftet
Salslister Liste (1979-1980) Plassering
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Head Games (album)» frå , den 18. mai 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Foreigner-album Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Album produserte av Roy Thomas Baker Kategori:Album produserte av Mick Jones Kategori:Album produserte av Ian McDonald