DS «Arild» (kallesignal MSDV) var eit dampskip bygt i 1918 som lasteskip for A/S D/S Arild, eigd av Moritz Vaumund, i Kristiania.
I februar 1921 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt DS «Saturn», men det forliste etter berre tre år ved kysten av Frankrike.
Historie Skipet vart bygt ved Trondheim mekaniske verksted i Trondheim og vart levert i juni 1918. Skipet gjekk i kolfarta mellom Kristiania og Spitsbergen.
Moritz Vaumund vart teken for underslag etter å ha lånt fleire hundre aksjebrev frå forskjellige bankar i Kristiania. Vaumund var kjend i shippingkrinsane og var i følgje ein kommentar i Bergens Tidene «en ivrig dyrker av pengefolks yndingssportsgrene, seilas og bilsport.» Han hadde både lystyacht og ein kostbar luksusbil, som han deltok i billøp i, mellom anna i Sverige. Underslaget var på 520 000 kroner. Det vart oppretta eit utval på tre mann til å gjennomgå rekneskapen til A/S Arild og Louis Hannevig vart tilsett som ny disponent i selskapet i august 1920. Vaumund vart dømd for underslag og falskneri og måtte eitt og eit halvt år i fengsel. Gjelda til reiarlaget vart rekna til 850 000 kroner. DS «Arild» vart verdsett til 600 000 kroner, og vart lagt ut på auksjon. Det kom inn fleire bod på skipet, mellom anna eitt på 360 000 kroner frå Bjørnstad & Co, men dette dekte ikkje ein gong halvparten av fordringane. I februar 1921 tok Trondhjems Bank A/S over skipet og månaden etter vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab i Bergen. Det fekk då namnet «Saturn» og kosta 550 100 kroner.
«Saturn» gjekk i godsrute til forskjellige hamner, mellom anna til Antwerpen og Rotterdam, og etter kvart i meir fast rute til Austersjøen og hamnebyane Danzig, Reval og Petrograd. Frå midten av mars byrja «Saturn» å gå i rute til Frankrike.
18. desember 1924 forliste «Saturn» på klippene Pierre d'Orfe ved innløpet til Lorient på reise frå Le Havre med kring tusen tonn gatestein og tømmer og kring 200 tonn stykkgods. Skipet hadde fått los ombord i firetida på ettermiddagen, og både kapteinen og føraren var på brua då grunnstøytinga skjedde. Skipet var drive ut av kurs og hamna innimellom ei rekkje skjer. Skroget vart rive opp frå baugen til midtskips, og platene stod opp i maskinrommet og vatnet fossa inn. Det vart avfyrt naudrakett og ein trålar kom oppunder skipet. Kaptein Lund gjekk ombord på trålaren og vart frakta inn til Lorient for å hente hjelp. Mannskapet vart verande ombord på «Saturn» fram til kl. 2330, då situasjonen vart kritisk og dei gjekk i livbåtane. Dei heldt seg ved skipet til daggry då dei igjen gjekk ombord. Vatnet stod då langt over kjelane i maskinen og det var ikkje meir mannskapet kunne gjere. I 14-tida byrja dei å ro mot land og vart plukka opp av ein taubåt. Skipet let seg ikkje redde og bergingsforsøka vart avslutta. Kring 30 % av lasta vart berga. I sjøforklaringa meinte skipsoffiserane at ulukka kom av ein udyktig los. «Han hverken kontrollerte kompasset eller kunde utsætte peilinger paa kartet og kunde derfor heller ikke bestemme skibets plads efter grundstøtingen. Han tapte fullstændig fatningen.»
Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 1 119 brt, 652 nrt og lasteevna var 1 880 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 466 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av TMV. Oppgjeven yting var 600 iHk (indikerte hestekrefter) og 139 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9 knop.
Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjelder
Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Trondhjems Mekaniske Værksted Kategori:Skip frå 1918 Kategori:Forlis i 1924 Kategori:Forlis i Biscayabukta Kategori:Forlis i Frankrike