Nordmør Dampskibsselskab var eit reiarlag med hovudkontor i Kristiansund. Reiarlaget vart konstituert 29. desember 1902, og frå 1. januar 1903 vart rutene og dei seks skipa til Christiansunds Dampskibsselskab overteke. Reiarlaget kjøpte same år DS «Tourist» som kunne ta 120 passasjerar. I 1906 vart nybygget DS «Øren» levert, og i 1909 «Driva». I februar 1915 fekk reiarlaget overlevert nybygget DS «Surendalsfjord» som var meint å setjast inn i rute mellom Kristiansund og Sunndalsøra i samband med utbygginga av Aura-kraftverket. DS «Surendalsfjord» var med sina 440 bruttoregistertonn det største skipet til reiarlaget, men første verdskrigen førte til stopp i Aura-utbygginga, og skipet vart allereie juli 1916 selt til Russland. Under første verdskrig vart òg skipa DS «Mørejarlen» og DS «Christiansund» selt for å gjera reiarlaget gjeldfritt. Selskapet dreiv rutetrafikk i Nordmøre og Romsdal og dessutan ei rute til Trondheim. I 1920 vart dei sju gjenverande skipa til reiarlaget overteke av det nyoppretta fylkesreiarlaget Møre Fylkes Ruteselskapet (MFR) for 1 050 000 kroner. I 1947 endra MFR namn til Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF).
Skorsteinmerket til reiarlaget var svart skorstein med eit gult belte omgjeve av smale kvite linjer over og under.
Flåteliste mini|250x250pk|Nordmør Dampskibsselskab sitt DS «Statsraad Riddervold» i Lurvika, Aure kommune. Biletet er teke ein gong mellom 1903 og 1910.Ukjend fotograf NamnTidsromTypeTonnasjeAnnaDS «Mørejarlen»1903-1918Lokalrutebåt53 brtDS «Ganger Rolf»1903-1920Lokalrutebåt121 brtOverført MFR i 1920DS «Statsraad Riddervold»1903-1920Kystruteskip201 brtOverført MFR i 1920DS «Nordmøre»1903-1920Lokalrutebåt180 brtOverført MFR i 1920DS «Christiansund»1903-1918Lokalrutebåt117 brtDS «Hankø»1903-1920Kystruteskip242 brtOverført MFR i 1920DS «Tourist»1903-1920Lokalrutebåt54 brtOverført MFR i 1920DS «Øren»1906-1920Fraktebåt21 brtOverført MFR i 1920DS «Driva»1909-1920Kystruteskip325 brtOverført MFR i 1920DS «Surendalsfjord»1915-1916Kystruteskip440 brt
Kjelder
Ragnar Ulstein: Om samferdsel i Møre og Romsdal – Del I: Som skyttel i vev. Utgjeve av Møre og Romsdal Fylkesbåtar 1995. ISBN 82-90393-76-8 Åre Inge Torvik: Om samferdsel i Møre og Romsdal – Del II: Samfunn og ferdsel. Utgjeve av Møre og Romsdal Fylkesbåtar 2000. ISBN 82-7955-020-8
Kategori:1902 i Noreg Kategori:Føretak nedlagde i 1920 Kategori:Sjøfart i Møre og Romsdal Kategori:Føretak skipa i 1902 Kategori:Tidlegare norske reiarlag