Claudio Paul Caniggia () er ein argentinsk pensjonert fotballspelar frå storbyen Buenos Aires. Han spelte 50 landskampar for Argentina, og deltok i tre VM-sluttspel (1990, 1994 og 2002).
Caniggia innleia proffkarrieren sin som 18-åring i River Plate, før han tre sesongar seinare flytte til Italia og Verona. Frå Verona gjekk turen vidare til Atalanta, AS Roma, Benfica og Boca Juniors før han vende attende til Atalanta. Nomaden fortsatte i dei skotske klubbane Dundee FC og Rangers FC. Karrieren vart avslutta i Qatar SC i en alder av 38 år. Caniggia var ein offensiv playmaker. Han hadde god teknikk, og var enormt hurtig og hadde ei eiga evne til å spele medspelarane sine gode. I 1993 vart han utestengd i 13 månader for bruk av kokain.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Claudio Caniggia frå , den 20. april 2020. National-football-teams
Kategori:Argentinske fotballspelarar Kategori:River Plate-spelarar Kategori:Boca Juniors-spelarar Kategori:Verona-spelarar Kategori:Atalanta-spelarar Kategori:Roma-spelarar Kategori:Benfica-spelarar Kategori:Rangers-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002