Carlos Manuel Hermosillo García () er ein mexicansk pensjonert fotballspelar som spelte i angrep. Hermosillo tilbrakte størstedelen av karrieren sin i den heimelege ligaen, der han spelte fleire sesongar for hovudstadsklubbane Club América og Cruz Azul. Han var òg utanlandsproff for Standard Liège i Belgia og Los Angeles Galaxy i USA.
Hermosillo nådde over ein periode på 13 år å spele 90 kampar for Mexico og skåra 35 mål. Den fyrste landskampen hans var mot El Salvador den 11. oktober 1984, medan hans siste fant stad under ein bortekamp i VM-kvalifiseringa mot Jamaica den 16. oktober 1997.
Han var ein del av det mexicanske laget som nådde kvartfinalen under VM i 1986 på heimebane, men kom ikkje på bana i turneringa. Det gjorde han til gjengjeld under VM i 1994 der spelte han to kampar for mexicanarane. Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Carlos Hermosillo» frå , den 21. april 2020. National-Football-teams
Kategori:Meksikanske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994