Den norske legion, på tysk SS-Freiwilligen-Legion Norwegen, var ei avdeling i den tyske militære eliteavdelinga Waffen-SS under andre verdskrigen. Avdelinga bestod av norske soldatar som vart verva i Noreg for å verta «frontkjemparar» på tysk side på austfronten. Legionen vart oppretta etter initiativ frå NS-leiaren Vidkun Quisling og Josef Terboven etter at Det tredje riket gjekk til åtak på Sovjetunionen den 22. juni 1941. Den norske legion vart nedlagd i mai 1943.
Historikk mini|Vidkun Quisling, «Fører» i Nasjonal samling (NS), overrekker fane til Jonas Lie, NS' politiminister og leier (SS-Standartenführer) av 1. Politikompani, på Slottsplassen i Oslo 7. september 1942, nokre dagar før avreisen tll Østfronten.
Opphavleg var det planar om å stilla med ein styrke på 30 000 mann, men etter to månader hadde 1 700 meldt seg, og ved årsskiftet 1941/42 hadde 1 900 allereie meldt seg. Av desse var 1 000 mann allereie under opplæring ved Celle i Niedersachsen i Tyskland. Verving vart vanskelegare etter at USA kom med i krigen. Frå januar 1942 vart det oppretta ein eigen rekruttskole på Grefsrud i Holmestrand, opphavleg for fire kompani, men dette vart same året redusert til eitt kompani, før skulen vart lagd ned året etter.
Det var ulike grunngjevingar for å melda seg til frontteneste. Mange la, i kvart fall i ettertid, stor vekt på den utsette situasjonen til Finland og ynskje om å hjelpa nabolandet og slik sikra den norske austgrensa mot Sovjetunionen. Dette vart sterkt framheva i vervingsarbeidet. Vidare vart dei meir ideologiske aspekta, som kampen mot bolsjevismen og bidrag til etableringa av ein ny norsk hær òg mykje brukt. Det var vidare ei utbreidd oppfatning at krigen med fulle krigshandlingar ville koma til Noreg, og at ein ved å melda seg til Den norske legionen kunne få stoppa kampane og spara landet.
Tyskarane la ned den sentrale staben i Oslo og setja avdelinga under tysk kommando.
Den norske legion vart i propagandaen framstilt som å skulla vera ei rein norsk avdeling med norske uniformer, norske offiserar og norsk språk. Vidare vart saka til Finland køyrt fram i propagandaen. Desse framstillingane var verdilause, ved at avdelinga vart sett under tysk kommando, med då tysk militærlov, tysk tenestespråk og tyske uniformer. Det eine Waffen-SS-merket var likevel bytt ut med den norske løva. Den norske legion kom til Krasnoje Selo ved Leningrad 18. februar 1942 og vart sett under kommando av 2. SS-Infanteri-Brigade.
Seint i februar 1943 gjekk kontraktstida ut for dei fleste, og avdelinga vart trekt ut frå fronten med 180 falne. Avdelinga vart send til ein militærleir i Bayern, der dei som ikkje ynskte ny kontrakt vart sende tilbake til Noreg, medan 300 mann vart igjen og same sommar gjekk inn i den nyoppretta SS-Panzergrenadier-Regiment 23 Norge saman med det attverande Regimentet Nordland og vart ein del av den nyoppretta divisjonen 11. SS-frivillige-pansergrenaderdivisjon Nordland. Restane av denne avdelinga deltok i sluttkampane om Berlin og gjekk i russisk krigsfangenskap i mai 1945.
mini|Frå eit NS-arrangement for Den norske legion sin «Reservebataljon Holmestrand» på Slottsplassen i Oslo sundag 13. juni 1942. Frå venstre Thorvald Thronsen (stabssjef for Rikshirden), Arthur Quist (øvste sjef for Den Norske Legionen), Jonas Lie (Politipresident), Carl Haakon Langlie (Quislings adjutant), Karl Leib (leiar for Germanische Leitstelle) og Vidkun Quisling (leiar for Nasjonal Samling)
Legionskommandørar for eininga som var under tysk kommando Oberst Finn Hannibal Kjelstrup (1941) Sturmbannführer Jørgen Bakke (1941) Sturmbannführer Arthur Quist (1941-43)
Kjelder
Den norske legion i Store norske leksikon
Denne artikkelen bygger på «Den norske legion» frå , den 1. oktober 2018.
Bakgrunnsstoff Den norske legionen i Filmavisa, 4. aug. 1941. Frå 3m4s. Omtale av «Den norske legionen» på NorgesLexi «Den norske legionen» på waffen-ss.no Foredrag av Sverre Kjelstrup, skipinga av den norske legionen, og dens innsats Nasjonal Samling si årbok 1944 (organisasjon, aktivitetar, liste over falne osb.)
Kategori:Noreg under andre verdskrigen Kategori:Nedleggingar i 1943