Eliminator er det åttande studioalbumet til det amerikanske rockebandet ZZ Top. Det kom ut 23. mars 1983 på Warner Bros. Records. Albumet vart spelt inn i Tennessee i 1982 og var produsert av manageren deira, Bill Ham, og nådde toppen av albumlistene i fleire land. «Gimme All Your Lovin'», «Got Me Under Pressure», «Sharp Dressed Man», «TV Dinners» og «Legs» vart alle gjevne ut på singlar. Albumet selde til diamantplate og er det bestseljande albumet til ZZ Top med over ti millionar selde eksemplar i USA aleine.

Bandet byrja å bruke synthesizer på albumet El Loco i 1981. Inspirert av new wave vart songane på Eliminator spelte inn med synthesizerar, trommemaskin og sequencerar. Albumet vart marknadsført med populære musikkvideoar og videoane for «Gimme All Your Lovin'», «Sharp Dressed Man» og «Legs» vart alle mykje viste på MTV og var med på å gjere bandet populært for ein yngre garde. Albumet er kalla opp etter den spesialbygde Ford coupe-bilen frå 1930-åra som er å sjå på plateomslaget. Denne var òg med i videoane. Bilen er eigd av gitaristen Billy Gibbons. Etter Eliminator kom ut la ZZ Top ut på ein verdsomfattande turné.

Etter suksessen til «Legs», vart Eliminator gjeven ut på ny med den nedkorta singelmiksen i staden for originalversjonen. Singelmiksen vart òg nytta på mange CD-utgåver. CD-ar som vart trykte i Tyskland av Record Service Alsdorf brukte framleis den originale miksen. I 2008 vart Eliminator nymastra og gjeve ut på ny med bonusspor og ein DVD med musikkvideoar og konsertopptak. Den originale versjonen av «Legs» var då attende, medan singelmiksen var med som eit bonusspor.

Albumet vert ofte rekna som det mest populære albumet til ZZ Top og vart av magasinet Rolling Stone rangert på 398. plassen på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene. og vart oppført som det 39. beste albumet i 1980-åra. I 2005 vart Eliminator oppført i boka til magasinet Rock Hard, The 500 Greatest Rock & Metal Albums of All Time.

Innhald

Collector's Edition

Medverkande ZZ Top Billy Gibbons – gitar, vokal Dusty Hill – bassgitar, klaverinstrument, vokal Frank Beard – trommer, perkusjon

Produksjon Bill Ham – plateprodusent Terry Manning – lydteknikar Linden Hudson – førproduksjon^ Blayney, David (1994). Sharp Dressed Men. New York: Hyperion. pp. 196–203. .^ Deborah Frost (1985). ZZ Top - Bad And Worldwide. New York: Rolling Stone Press. .David Sinclair (1986). Tres Hombres: The Story of ZZ Top. 95 pages. Virgin Books, 1986, . Bob Ludwig – mastering Bob Alford – kunstnarisk leiar

Salslister og salstrofé

Album

Vekeslister Liste (1983–85)PlasseringDen australske albumlista2Austerrikske album (Ö3 Austria)4

Liste (1987)Plassering

Årslister Liste (1983)PlasseringUS Billboard 20065

Liste (1984)PlasseringDen australske albumlista20

Singlar Singlar - Billboard (USA) ÅrSingelListePlassering1983«Gimme All Your Lovin»Mainstream Rock21983«Gimme All Your Lovin»The Billboard Hot 100371983«Got Me Under Pressure»Mainstream Rock181983«Sharp Dressed Man»Mainstream Rock81983«Sharp Dressed Man»The Billboard Hot 100561983«TV Dinners»Mainstream Rock381984«Legs»Hot Dance Music/Club Play131984«Legs»The Billboard Hot 10081984«Legs»Mainstream Rock3

Salstrofé

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eliminator» frå , den 1. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:ZZ Top-album Kategori:Musikkalbum frå 1983 Kategori:Album produserte av Bill Ham Kategori:Warner Bros. Records-album 398