Another Code: Two Memories, kjent i Nord-Amerika som Trace Memory, er eit hjernetrim-eventyrspel utvikla av Cing og utgjeve av Nintendo til Nintendo DS. Det var utgjeve i Japan februar 2005, i Europa juni 2005 og i Nord-Amerika september 2005. Ein oppfølgjar, Another Code: R, vart utgjeven til Wii i 2009.

Another Code handlar om Ashley Mizuki Robbins, ei 13 år gamal jente, som drar til den fiktive øya Blood Edward Island for å leite etter faren sin. Kort tid etter at Ashley og reisefølgjet gjer landgang på øya, forsvinn verjen hennar og deretter skipparen som frakta dei dit. Spelemekanikkane går ut på å løyse gåter Ashley kjem over når ho navigerer seg gjennom stadene på øya. Spelet fekk hovudsakleg moderate til positive omtalar. Det fekk vellæte for bruken av kontrollmetodane til Nintendo DS, historia og den handteikna grafiske stilen, men kritikk for uoriginale gåter og den korte lengda på spelet.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell europeisk nettstad Offisiell japansk nettstad (på japansk)

Kategori:Dataspel frå 2005 Kategori:Eventyrspel Kategori:Hjernetrimspel Kategori:Nintendo DS-spel Kategori:Visuelle romanar