Ooh La La er det fjerde og siste studioalbumet til det engelske rockebandet Faces, gjeve ut i mars 1973. Det gjekk til topps på albumlista i Storbritannia i slutten av april 1973.
Den 25. august 2015 kom albumet ut på ny med nymastra lyd og bonusspor.
Bakgrunn Mot slutten av 1972 hadde Rod Stewart sine soloprosjekt oppnådd stor suksess og avstanden mellom songaren og dei andre medlemmane i bandet auka. Dei vart stadig meir frustrerte over at media i aukande grad såg på dei som bandet til Stewart. Stewart sjølv var visstnok distrahert nok av den nye stjernestatusen sin at han missa dei to første vekene av innspelinga av det siste Faces-albumet. (Five Guys Walk into a Bar...-omslaget, s. 30). Produksjonen av albumet vart vidare hindra av at Stewart var lite engasjert i prosjektet, og Stewart var ikkje med i det heile på tre av songane på albumet. Som ei følgje av denne situasjonen vart Ooh La La i følgje Ian McLagan, «Ronnie [Lane] sitt album», og Lane sine bidrag sette tonen for den rolege og meir reflekterande andresida av albumet.
Trass i den vanskelege innspelinga, heldt produsenten Glyn Johns gruppa saman. Då innspelinga var ferdig, indikerte teksten på plateomslaget at dei skulle arbeide med Johns igjen i framtida. Det stod: «Produsert av Glyn Johns (snakkast om eitt år)».
Utgjeving Kort tid etter Ooh La La kom ut i mars 1973, omtalte Stewart albumet som eit «ufyseleg, dårleg album», noko han gjentok i eit seinare intervju (Five Guys, s. 32). Albumet nådde likevel toppen av den britiske albumlista i april, medan resten av gruppa var sjokkert over merknadane til Stewart. Ronnie Lane var særleg misnøgd med kritikken til vokalisten. Han var ikkje lenger nøgd med å bli sett til sides i gruppa han og Kenney Jones hadde starta i 1965 og slutta i Faces tidleg i juni. Rolla hans som bassist vart ei kort stund etter erstatta av den tidlegare Free-bassisten Tetsu Yamauchi.
Faces spelte inn to singlar til, og sjølv om dei turnerte mykje dei neste 2,5 åra, gjekk dei aldri i studio att for å spele inn eit heilt album. Gruppa vart til slutt oppløyst i november 1975, då Stewart verka å ha mista heilt interessa i dei, medan gitaristen Ronnie Wood fekk tilbod om å erstatte Mick Taylor i The Rolling Stones.
Innhald
Medverkande Ronnie Lane – bass, rytme- og akustisk gitar, perkusjon, tamburin & solovokal (spor 3 & 8) Ronnie Wood – elektrisk-, slide-, akustisk og rytmegitar, elektrisk bouzouki, solovokal (spor 4, 8 & 10) Ian McLagan – piano, orgel, harmonium, korvokal & solovokal (spor 8) Kenney Jones – trommer & perkusjon Rod Stewart – solovokal (spor 1,2,4,5,7 & 9), banjo & elektrisk gitar (spor 3) - ikkje med på spor 6, 8 & 10 Neemoi «Speedy» Aquaye – congatrommer, shakers & perkusjon (spor 6)
Teknisk Glyn Johns – produsent, lydteknikar Phil Chapman - lydteknikar & klaxon (spor 5) Ron Nevison - lydteknikar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Oh La La (Faces album)» frå , den 31. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Faces-album Kategori:Album produserte av Glyn Johns Kategori:Warner Bros. Records-album