«Searchin'» er ein song skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller for The Coasters. Songen vart gjeven ut på singel på Atco Records i mars 1957, og toppa R&B-lista i USA i 12 veker. Songen nådde òg tredjeplassen på den nasjonale poplista.
Sjølv om The Coasters tidlegare hadde gjort det godt på R&B-lista, var et «Searchin'» (i lag med «Young Blood» på den andre sida) som gjorde dei til eit kjent rock and roll band.
Paul McCartney valde «Searchin'» som ein av «Aude øy-platene» sine i 1982. McCartney framførte songen med The Beatles då dei prøvespelte for den 1. januar 1962.The Beatles Bible: Searchin' Henta 17. februar 2018-08-31.
Songen vart nytta i filmen The Iron Giant frå 1999, musikalen Smokey Joe's Cafe og biografifilmen October Sky i 2009.
Innspeling Songen vart spelt inn i Los Angeles den 15. februar 1957. Med seg på innspeling hadde The Coasters Mike Stoller (piano og arrangement), Barney Kessell (gitar), Ralph Harrison (bass) og Jesse Sailes (trommer).Peter Grendysa and Robert Pruter, Atlantic Rhythm and Blues 1947-1974 booklet notes (CD edition), Atlantic Records, 1991
Andre versjonar Songen er blitt spelt av The Beatles, The Grateful Dead, Skip Battin, The Hollies, The Kingsmen, Wanda Jackson, Billy Lee Riley, Neil Sedaka og The Spencer Davis Group, i tillegg til fleire andre. Jim Croce inkluderte ein versjon av songen i hitten «Chain Gang Medley».
The Muppets spelte songn i den første sesongen av The Muppet Show, medan Buck Owens and the Buckaroos song han på Hee Haw (sesong 6 episode 17). I tillegg vart ein endra versjon av Cheech & Chong nytta i filmen Up in Smoke, der songaren skildrar korleis han leitar etter marihuana, i staden for ei jente.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Searchin'» frå , den 17. februar 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff [ The page for «Searchin'»] on Allmusic
Kategori:Songar skrivne av Jerry Leiber og Mike Stoller Kategori:Singlar frå 1957 Kategori:The Coasters-songar Kategori:The Beatles-songar Kategori:The Hollies-songar Kategori:The Spencer Davis Group-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista Kategori:Wanda Jackson-songar Kategori:Pat Boone-songar Kategori:The Lovin' Spoonful-songar Kategori:The Kingsmen-songar Kategori:Neil Sedaka-songar Kategori:Gram Parsons-songar Kategori:Nilsson-songar Kategori:Songar frå 1957